Gjødsel er makt

6. september 2024 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

Biogass-selskapa som frir til bøndene på Jæren driv ein modig omgang med presens, tidsforma som viser at noko hender nå.

«Me byggjer biogassanlegg på/ i…(stadnamn)…» skryter dei.

Gjer dei det? Nei. I røynda har ingen av dei rørt grabben. At dei ønskjer å byggje anlegg er openbert, men òg noko anna, nemleg futurum. Noko som kan henda der framme ein gong.

For i kva grad biogass-selskapa kan bruka presens med truverd, er i stor grad opp til råvareleverandørane. Altså husdyrbøndene. Dei sit på gullet som kan utløysa eit biogass-eventyr i regionen.

 Og nett nå kjempar tre større føretak om gjødsla deira. Bio Jæren, Biokraft og Havila har planar for totalt fire biogassanlegg i området.

Berre at det neppe er gjødsel nok til alle. Dei siste vekene har derfor konkurransen om bonden hardna til. Sjå berre på infomøta som føretaka har tromma saman til dei siste vekene.

 For bonden er det mykje å ta inn: Visjonar, intensjonsavtalar og forsikringar om alt frå avkasting til god biorest. Det er lett å bli forvirra. Mykje står då også på spel. For det som skjer nå, kan ha mykje å seia for inntekta og utviklinga på garden framover. Bonden står andsynes nytt gjødselregelverk og strengare klimakrav, ja, kanskje ei C02-avgift, der framme.

Biogass blir halde fram som eit verktøy for å møta båe. Men om bonden vil bruka verktøyet, må hen også akseptera forplikting og risiko.

 Det er derfor eit sunt teikn når både nyfikne så vel som kritiske bønder syner skepsis og stiller spørsmål. Vel vil mange ha biogass på husdyrgjødsel. Det er alt etablert med hell andre stader. Det kuttar klimautslepp og bidreg til meir sirkulær næringsomsetting. Alt dette er viktig. Aktørane som nå prøver seg skal derfor ha takk for at dei gjer nettopp det.

 Men i møte med eit mogleg «eventyr» vil bonden også sikra seg. Å levera ifrå seg gullet skal gi meining, avkasting, og den rette næringssamansettinga i det du får att. Framleis er det stor uvisse om i kva grad biogass-selskapa kan levera på dette over tid.

 Festina lente, sa romarane. Skund deg sakte. Bondevennen trur bonden gjer klokt i å bli verande litt i «presens», med ein god porsjon is i magen. Gjødsla er di, og gjødsel er makt. Du treng ikkje signera kontrakt med nokon før du er så sikker som du kan bli på at den gagnar deg.

Tida er også moden for å finna saman, organisera seg, vurdera alle tilgjengelege fakta og for å stilla krav.

Så, festina lente. Eller på jærsk: Bånn gass, men bia nå litt.

DEI SISTE LEIARANE:

Til pumpene

Til pumpene

Folket vil ha meir kumjølk. Heile 50 millionar liter meir til neste år, ifølgje Tine. Det er veldig mykje, og det er veldig gildt.

Og svaret er: Meir ull

Og svaret er: Meir ull

Berekraft er eit ullent ord. Det kan bety alt – og ofte ingenting. Berekraftig vekst, berekraftig shopping, berekraftig leiing eller berekraftige sugerøyr. Mykje tar seg betre ut i grøn saus.

Heia dei som bygger!

Heia dei som bygger!

Å reisa ein ny driftsbygning på garden, er stort for bonden og familien. På mange vis. Satsinga på fleire titals millionar kroner er eit økonomiske kjempeløft for generasjonen som signerer lånepapira, set gravemaskinskuffa i jorda og bestiller betongbil.