Samvirke med sjel

29. november 2024 | Leiarar

Bv2124 leder

Bothild Å. Nordsletten

Kan ei bedrift ha sjel? Ja, hevdar Jannike Nystøl Simonsen og Bjarte Kydland.

Iallfall Felleskjøpet Rogaland Agder, skal me tru dei to, som er omsynsvis styremedlem frå Agder og butikksjef på BondeKompaniet på Varhaug. Du møter dei i vekas Bondevennen, som markerer samvirket sitt 125-årsjubileum.

Kor finst så denne sjela? I bondeeigarskapet, i samvirket, i folka. I kvaliteten som blir levert, og i butikken, meiner dei to. Ja, så viktig og så tilstades er FKRA, at samvirket har blitt del av bygdeidentiteten, seier Nystøl Simonsen, som er bonde på Lindesnes.

Slik ei oppfatning av eit føretak kjem ikkje av seg sjølv. Ei heller kan eit så godt omdøme takast for gitt. Det gjer då heller ikkje FKRA, som under ulike namn har stått last og brast med bøndene i sørvest sidan 1899. Gjennom feite og magre år. Gjennom mange omstillingar. Gjennom varme og kalde krigar og pandemi. I balansegangen mellom stadig færre bønder og fleire butikk-kundar.

Å ikkje berre overleva, men også å gå i pluss i sitt 125. år. Det vitnar om framsyn, slitestyrke og ei sjeldan omstillingsevne, og om at det er meining i det ein driv med. Med kompetanse på foredling og omsetting av såvare, kraftfôr, gjødsel og maskinar er FKRA ei samfunnskritisk hjørnesteinsbedrift. Utan den ville jordbruket og husdyrproduksjonen i sørvest lett kunne sett annleis ut.

Samstundes er sterke FKRA sårbar. For ting kan gå galt. Tørke kan redusera ressurstilgangen. Under pandemien vart det mangel på vitamin frå Kina, som husdyra i Hå og Hægebostad treng kvar dag. Og i førre veke brann det i eit av produksjonslokala ved FKRA sitt hovudkontor i Stavanger.

I første, akutte runde er dette utfordringar som samvirket sjølv må hanskast med. I nemnde situasjonar har då også fordelane med ein effektiv, lokalt forankra organisasjon med korte kommunikasjonsliner, vore openberre.

Men også under meir normale forhold må FKRA «vera på». Og når norsk matberedskap er så svak som den er, burde FKRA ta ein endå tydelegare plass i det offentlege ordskiftet: Gni det inn at korkje tørke, flaum eller andre hendingar som påverkar matforsyninga, er noko bønder og landbrukssamvirke kan fiksa på eiga hand – uansett kor kompetent ein er. At ansvaret for eit trygt og forsynt Sørvest-Noreg kviler på heile samfunnet.

Bondevennen skal elles ikkje meina noko om samvirket sitt sjeleliv. Derimot meiner me at det vitnar om god kulturrøkt når FKRA vil halda på Bondevennen, også etter Tine og Nortura har kappa fortøyinga og late kommunikasjonslinene gå ut berre frå Oslo. Både FKRA og Bondevennen veit kor me kjem frå. Solid forankring i eigen region er ikkje til hinder korkje for vidsyn eller store ambisjonar. Tvert imot.

Bondevennen gratulerer FKRA med 125 fruktbare år!

DEI SISTE LEIARANE:

Er det greitt å sove i timen?

Er det greitt å sove i timen?

Stadig fleire forbrukarar vil ha økologisk mat. Då vert alternativet for mange å velje mat frå andre land. I Norge har me mellom anna underdekning på økologisk mjølk. Samstundes vel meierisamvirket å ikkje nytte all den økologiske mjølka som blir produsert som økologisk.

Teknologien gir – og krev ei offergåve

Teknologien gir – og krev ei offergåve

Den teknologiske ferda til landbruket er imponerande, men også kostbar på fleire vis. Frå 1800-talet med fjord- og fjellbruk på Sørvestlandet, har bøndene gjennom generasjonar gjort store investeringar i teknologi.

Kva er det eigenleg me vil ha?

Kva er det eigenleg me vil ha?

«Dei bøndene syter og klagar uansett», kan ein høyre frå folk flest. Med si mag­re lommebok kjøper bonden seg likevel den gildaste traktoren, før han dreg med seg gjødselspreiaren inn til byen for å demonstrere.