Til pumpene
Bothild Å. Nordsletten
– Det er alfa og omega at vi klarer å dekke etterspørselen med norsk mjølk.
Noko anna ville vere ei fallitterklæring.
Bonde i Gloppen, Per Jarle Myklebust til NRK 6. november 2024
Folket vil ha meir kumjølk. Heile 50 millionar liter meir til neste år, ifølgje Tine. Det er veldig mykje, og det er veldig gildt.
Tine tilrår eit forholdstal på 1,17. Alle som vil og kan bør gripa dette høvet til å auka produksjonen. Aldri i nyare tid har forholda lege betre til rette for bønder som vil mjølka. Aldri har literprisen vore så høg.
Med dette opnast også rom for unge som vil inn i næringa. Her er pengar å tena, bondedraumar å leva – og eit reelt og meiningsfullt samfunnsbehov å stetta.
Rakt fram er det sjølvsagt ikkje. Skal dei ivrige og nye sleppa til, må dei som sit på gardar, jord og kvotar som dei sjølve ikkje driv, selja unna. Ei heller er det utan risiko å auka produksjonen, etablera seg eller å bygga nytt. Varer Cottage cheese-suget lenge nok til at lausdriftsomlegging løner seg? Kan og vil bonden ‘gønna på’ til denne mjølkeprisen? Korleis blir avlingane neste sesong? Har me spreieareal til ekstra gjødsel?
Desse er alle relevante spørsmål som må med i planane til den einskilde bonden.
På det meir overordna politiske planet er det ikkje mindre enn lagnaden til kvotesystemet som ligg i potten. Mange gledde seg over frisleppet 1.juni i år. Eit nytt frislepp også neste år, dersom bøndene ikkje maktar eller ser syn på å fylla forholdstalet, kan bli det «provet» som ein ny landbruksminister treng for å erklæra heile kvotesystemet for ikkje-fungerande. Og mogent for skraphaugen. Neste år er det stortingsval. I skrivande stund er Frp og Høgre landets største parti.
Jau, då. Horisonten er uklår. Strukturrasjonaliseringa går sin gang. Men folket tørstar etter mjølk. Bøndene bør gripa dagen og syta for at dei får norsk vare.
DEI SISTE LEIARANE:
Er det greitt å sove i timen?
Stadig fleire forbrukarar vil ha økologisk mat. Då vert alternativet for mange å velje mat frå andre land. I Norge har me mellom anna underdekning på økologisk mjølk. Samstundes vel meierisamvirket å ikkje nytte all den økologiske mjølka som blir produsert som økologisk.
Teknologien gir – og krev ei offergåve
Den teknologiske ferda til landbruket er imponerande, men også kostbar på fleire vis. Frå 1800-talet med fjord- og fjellbruk på Sørvestlandet, har bøndene gjennom generasjonar gjort store investeringar i teknologi.
Kva er det eigenleg me vil ha?
«Dei bøndene syter og klagar uansett», kan ein høyre frå folk flest. Med si magre lommebok kjøper bonden seg likevel den gildaste traktoren, før han dreg med seg gjødselspreiaren inn til byen for å demonstrere.





