Til seters!

29. august 2025 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

Det er ikkje av mangel på variert stoff at Bondevennen set på trykk ikkje berre éin, men to reportasjar frå fjellet denne veka.

Ei heller gjer me det av haustleg nostalgi etter juni, juli og farne tider.

Visst er det, som du vil sjå, flott der oppe. Gamle sel i grøne lier, harmoniske beitedyr og sommarfriske  budeier er sjølve postkortet på norsk idyll. Send opp nokre kinnande ungar i tillegg, og det heile framstår nesten som ein draum. Vakkert, og i røynda urealistisk?

Eller? For kva er eigentleg røynda, om ikkje noko mennesket må tilpassa seg, og dermed også er med på å skapa?

Behovet for å nytta kvar minste grastust via husdyra til eigen matauk var det som opphaveleg førte oss med buskapane til sommarfjellet. På det meste vart det mjølka, kinna og ysta på over 100 000 stølar her til lands.

Den årvisse migrasjonen var livsviktig. Setring var mattryggleik. Utan ville dei før oss svolte.

I tillegg, sjølv etter alt slitet der oppe, ga setringa oss kultur: Eventyr og bilete me ennå fortel for å seia noko om «oss». Førestillingar om fjellheimen som ein stad som set oss fri.

Folk før i tida kunne noko om mattryggleik som me i vår overflod har tillate oss å gløyma. Tida er inne for å hugsa, og for å ta til oss det som ennå finst av overlevert kunnskap om ressursforvalting og matauk i fjellet. Kven veit kva kunnskap me vil trenga i framtida?

For tider kan koma då beitedyr på grønnsaksjord og importert kraftfôr kan visa seg å ikkje å vera det smartaste. Sjølv om det er slik me i nokre tiår har hatt råd til å effektivisera og sentralisera produksjonen med.

Derfor desse to reportasjane. Fordi fortida ikkje er utdatert. Fordi setring ikkje er avleggs. Tvert om. Det som var, og det som nokre få eldsjeler ennå held levande, er klokskap me treng i møte med røynda som kan bli.

DEI SISTE LEIARANE:

Snart brenn det skikkeleg på dass

Snart brenn det skikkeleg på dass

Heile Norge har fått med seg at det kokar i gjødseldebatten i Rogaland, men snart brenn det for alvor på dass – eller meir presist: i gjødselkjellaren. Det hastar nå. Utfordringane bønder får med mindre spreieareal er berre toppen av isfjellet.

Mangel på respekt og bondevett

Mangel på respekt og bondevett

Naturbeitemark blei ordet me seint vil gløyme frå sommaren 2026. I starten av juli skreiv Bondevennen om Gro Sevheim, som fekk eit varsel om oppheving av spreieareal frå Statsforvaltaren midt i ferietida. Bonden samanliknar varselet med eit slag i trynet.

Sommarminna bleiknar aldri

Sommarminna bleiknar aldri

Det kjennest som ein augneblink. Våren var akkurat her og gjorde verda ljos. Så, vips, er sommaren på plass med lauvtunge tre og frodige grøne enger.