Vedlikehald i ville tider

10. oktober 2025 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

Eigentleg er det ganske vilt å arrangera ei landbruksmesse av Agrovisjon sitt kaliber i 2025. Verda er ein endå skumlare plass enn sist gong kjempearrangementet gjekk av stabelen i Stavanger i 2022. Krig, klimakrise, KI og statsleiarar med ko-ko-tendensar pregar kvardagen vår nå. Skal me vera ærlege, så ser det noko illevarslande ut.

Når Agrovisjon like fullt blir avvikla 30. oktober til 1.november, så er det fordi matfylket Rogaland ikkje bøyer av så lett, og fordi landbruksnæringa i Noreg opplever tolig greie dagar. Trass i alt.

Særleg gledeleg denne hausten er nyheita om at gjennomsnittsalderen på norske bønder går ned – at det blir fleire yngre matprodusentar. Når det i tillegg ryktast at bondeyrket igjen blir oppfatta som kult, er det rett og slett lov å håpa på betre tider.

Ein tredje grunn for å skipa ei stor landbruksmesse nå er den evige kjensgjerninga at alle et og må eta. Folk og fe. I gode så vel som i mindre gode år. Mat må me ha.

Så banalt. Så livsviktig.

Og skal me produsera mat på ein måte som gir både volum, økonomisk meining og minst mogleg fotavtrykk på jord og natur, ja, så treng me maskinar.

Dei vil du finna i mengder blant Agrovisjon sine mange utstillarar. Dei velprøvde doningane, så vel som dei spanande nyvinningane. Det er berre å gleda seg!

I den travle kvardagen så vel som blant mek’en i messemylderet, er det samstundes viktig å ikkje miste kvarandre av syne. Andre menneske. Det er vi og banda mellom oss, ikkje maskinane, som gir den verkelege meininga og gleda. Det er også i møtet mellom folk at nye idear oppstår, fordommar kan brytast ned, og kunnskap utvikla seg.

I så måte har dei skapande banda mellom menneske noko til felles med maskinane. Dei må både haldast ved like og utviklast for ikkje å gå sundt. Dette gjeld under normale forhold, men ikkje minst i ville tider, slik dei me står i nå.

Me gler oss til å sjå deg på Agrovisjon!

DEI SISTE LEIARANE:

Teknologien gir – og krev ei offergåve

Teknologien gir – og krev ei offergåve

Den teknologiske ferda til landbruket er imponerande, men også kostbar på fleire vis. Frå 1800-talet med fjord- og fjellbruk på Sørvestlandet, har bøndene gjennom generasjonar gjort store investeringar i teknologi.

Kva er det eigenleg me vil ha?

Kva er det eigenleg me vil ha?

«Dei bøndene syter og klagar uansett», kan ein høyre frå folk flest. Med si mag­re lommebok kjøper bonden seg likevel den gildaste traktoren, før han dreg med seg gjødselspreiaren inn til byen for å demonstrere.

I medvind og storm

I medvind og storm

Kva veg bles vinden? Skal me tru tall frå både Statistisk Sentralbyrå og NIBIO går det ganske bra for mange bønder. Særleg heiltidsbøndene har positiv inntektsutvikling.