PORTRETT

Får tradisjonane og bygdene til å leva

14. mars 2021 | Portrett

Engasjert: Unni J. Skadsem er ei drivkraft for kvinner på bygda og i landbruket. Bygdekvinnelaget har vore ein stor del av livet sidan ho kom til garden på Skas på slutten av 80– talet.

Unni J. Skadsem, nestleiar Norges Bygdekvinnelag, var på sitt første møte i 1989. Det brennande engasjementet for landbruk og kvinnenes liv på bygda har berre blitt sterkare med åra.

Jane Brit Sande

Unni har knapt fått trekka pusten etter å ha vore i møte der Bygdekvinnelaget la fram sitt innspel til jordbruksforhandlingane.

– Nokre gonger går det slag i slag, seier ho, og dekker bordet med svigermors gamle kaffiservise.

Unni serverer sjølvsagt byggrynskrem og rørte jordbær til kaffien.

– Me i Bygdekvinnelaget er jo litt hekta på bygg, seier ho, og viser til organisasjonen sitt arbeid for å fremja bygg som ein større del av den norske kosten.

– Og jordbæra er kortreiste. Eg har kjøpt dei hjå naboen.

Kaffikosen representerer eit knippe av verdiane både Unni og Bygdekvinnelaget står for: Norskprodusert mat, tradisjonar og fellesskap.

Ein del av bondelivet

Det var svigermor som tok Unni med på det første møte i det som den gong heitte Norges Bondekvinnelag.

– Eg kom til Skas, frå eit byggefelt på Sandnes, i 1987. Bertran, mannen min, var med i Bondelaget. Då var det heilt naturleg for meg å bli med i Bondekvinnelaget. Eg ville bli kjend med dei andre kvinnene i bygda, og få mitt eige fellesskap, seier Unni.

Unni J. Skadsem er mjølkebonde og minkprodusent på Skas i Klepp kommune, og nestleiar i Norges Bygdekvinnelag.
Ho er gift med Bertran Trane Skadsem. Dei har fire barn og fire barnebarn.

Landbruket var alt anna enn framand for ho. For å bli næringsmiddelteknikar måtte ho først ”gå agronomen”.

– Og i oppveksten var eg titt på andre sida av steingarden og hjelpte nabobonden med eplene, seier Unni.

For ordens skuld; ho snakkar om poteter.

Organisasjonsarbeid har vore ein stor del av livet og kvardagen for Unni og Bertran. Ho i Bygdekvinnelaget, han i Bondelaget og seinare som leiar av Norges Pelsdyralslag.

– Me har alltid engasjert oss. Det har gitt oss påfyll, både fagleg og sosialt, med gode nettverk. Organisasjonane og engasjementet er, og har alltid vore, ein heilt naturleg del av bondelivet, seier Unni.

Ikkje berre for bondekvinnene

I 2002 endra organisasjonen namn til Norges Bygdekvinnelag.

– Me er ein organisasjon for alle kvinner på bygda, og tydeleggjorde det med namneskiftet, seier Unni.

Bygdekvinnelaget engasjerer seg i saker som er viktige for eit godt liv på bygda, og for å ivareta kvinnene si interesse og framtid på bygda.

– Me jobbar for å halda på og skapa arbeidsplassar, kjempa for jordvern, og inviterer til å danna nettverk saman med andre kvinner i bygdene. Det er viktig å ha eit fellesskap. I Bygdekvinnelaget skapar me samhald, dannar ein arena der me får til noko i lag, og har det triveleg og sosialt uavhengig av alder og bakgrunn, seier Unni.

Å inkludera minoritetskvinner er eit sentralt prosjekt i organisasjonen, og held fram også i 2021. KvinnerUT – mestring og kompetanse har hausta lovord frå fleire hald.

– Lokallaga arrangerer mange ulike kurs og aktivitetar for å bidra til inkludering. Målet er meistring og kompetanse. Kvinnene får med seg ein slags CV som viser kva kurs og ansvarsområder dei har hatt gjennom dette opplegget, seier Unni.

 

At kvinner er meir med og ser moglegheitene, betyr ein høgare status for landbruket.

Kvinner i landbruket

Då Unni og Bertran tok over heimegarden hans, vart dei tidleg samde om at den måtte vere ein arbeidsstad for begge.

– Garden og gardsarbeidet blir eit eige fellesskap i familien. Me gjer noko saman, ser verdien av garden, å bygga den opp, og å halde landbruket i hevd, seier Unni.

Kvinnene må ta sin plass i landbruket, meiner ho.

– At kvinner er meir med og ser moglegheitene, betyr ein høgare status for landbruket, seier Unni.

– Me, bondekvinnene, må på banen med våre meiningar og måtar å gjere ting på. Landbruksmiljøet treng å mjuknast litt opp, og det må ikkje vere så mannsdominert som det er i dag, seier ho.

Statistikken syner at om lag 16 prosent av bøndene i Norge er kvinner.

– Men her er det nok mørketal, understreker Unni.

Bygdekvinnelaget vil at fleire kvinner skal nytta odelsretten. Men velferdsordningane i landbruket er ikkje godt nok rigga for at kvinner skal vere bønder.

– Det vil me endra på, men det er ein vanskeleg masse å navigera i. Me har blant anna fått gjennom eit høgare avløysartilskot, så det er litt bevegelse, seier Unni.

Tett på landbruket

Unni sitt liv som bonde pregar engasjementet i organisasjonen.

– Eg er sjølv ein del av primærnæringa, og kjenner godt verdien av å vere tett på landbruket. Rogaland Bygdekvinnelag har alltid vore opptekne av næringa, og verdien av dette vil me ha med vidare, seier ho.

– Levande bygder og levande landbruk, dei to følgjer kvarandre, understreker ho.

Bøndene har ansvar for å produsera mat til befolkninga. Ein viktig beredskap, meiner Unni.

– Me har alle eit ansvar for å vere bevisste når me er på butikken. Det er ganske sprøtt at det poppar opp nye gardsysteri, samstundes som me stadig importerer meir ost, seier ho.

Bygdekvinnene – verdsarven

Byggrynskremen med rørte jordbær frå naboen smakar sjølvsagt utsøkt.

– Det er så viktig å halde tradisjonsmaten i hevd. Den er ein del av kulturarven vår, seier Unni.

Bygdekvinnelaget har laga ein eigen portal for tradisjonsmat. På norsktradisjonsmat. no kan ein finna oppskrifter frå heile landet – samla inn av bygdekvinnene sjølve. Arbeidet og kunnskapen har fått ei viktig anerkjenning. Norges Bygdekvinnelag står på UNESCO si verdsarvliste for immateriell kulturarv for tradisjonsmat.

– Det er generasjonane med bondekvinner før oss som har lagt grunnlaget for dette, seier Unni.

Stikkord denne saka: