BN+

Hjertholen: Lisbeth og Tore saman med Tomine og Oskar. Dei to bøndene har ei omfattande drift og travle dagar, men får kabalen til å gå opp gjennom flinke avløysarar, eit godt nettverk og samhandling med yrkeskollegar.


Lisbeth Moi og Tore Siqveland satsar ungt og friskt på tradisjonell mjølk- og svineproduksjon på Vigrestad på Jæren. Nokre av NRF-dyra blir inseminert eller para med kjøtfe, deriblant Aberdeen Angus.


Sjur Håland


Garden Hjertholen ligg eit par kilometer aust for Vigrestad sentrum. Lengst aust i den store marka, der mest alt er dyrka, er utsikten mot Nordsjøen overveldande. Andre vegen er utsikten mot Høg-Jæren mest like spektakulær, med enkelte spreidde gardsbruk og mykje brun lynghei. Enkelte kvite vindmøller bryt mot horisonten. Vinden er frisk, men det er korte intervall med opphald mellom regnbøyene. Bøndene ventar på å fylle resten av årets grasavling, tredjeslåtten, i plansiloane.


– Det blir ikkje slått i dag. Me har god tid til å vasa, seier Lisbeth og Tore, og inviterer inn til kake og kaffi.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,