BN+

Gildt: Rebekka og Jakob Bø er i gang med sitt andre år som bønder. I følgje dei to er dagane travle, men gilde.

Bø-gris legg grunnlaget for superpurka



Norsk Landsvin av topp kvalitet frå Bø i Randaberg blir kryssa med Z-linje Yorkshire frå Topigs Norsvin. Resultatet blir sjølve superpurka, TN70.


Sjur Håland


Nokre få tunge vindkast frå der Jærkysten sluttar og Boknafjorden opnar seg, føregår eit eventyr om det mange vil kalla for verdas friskaste og beste gris. Rebekka og Jakob Bø utgjer tiande generasjon på garden Bø i Randaberg. Blant tradisjonen dei skal føra vidare er 37 år med avlsarbeid på Norsk Landsvin. Starten har vore den beste.

Fekk avlsstatuetten 2019

Kvart år blir kring 100 25 40-kilos testrånar av Norsk Landsvin frå Rebekka og Jakob si foredlingsbesetning levert til Norsvin på Hamar. I november i fjor fekk dei den høgthengande avlsstatuetten for den beste landsvinrånen i 2019. Det er andre gongen familien Bø har fått prisen. Sist gong var det far til Jakob, Sigve Bø, som fekk æra. Rebekka og Jakob tok over garden i januar i fjor, og kunne gå på podiet på avlsbesetningstreffet på Gardermoen 11 månadar etter og hausta nok eit synleg prov på at avlsinnsatsen blir verdsett.


– Klart det var stas, seier Rebekka.


Det yrar av liv i både grisehus, fjøs og i kalvehytter. I tunet ruvar også eit stort maskinhus, der traktorar og ulike reiskap er lina opp på rekke og rad. Bø Maskin, der Jakob er sjefen, er også ein del av drifta.

Samdrift

Rebekka (28) og Jakob (32) har sett av tid til eit møte med Bondevennen i det travle programmet for å få dagane i hop. På garden driv dei med mjølkeproduksjon på ein kvote på 400.000 liter. Produksjonen er organisert gjennom ei samdrift der det dag er to aktive deltakarar. Rebekka og Jakob leiger eit tredje bruk. Alle fjøsa er i bruk. Oksane i eitt fjøs, og gjeldkyrne og kvigene i eit anna.


– Det er med andre ord her på garden me har kyrne og kalvane, forklarer Jakob.


Lausdriftsfjøset frå 1991, er bygd i to etasjar. Sigve var ein av dei første i fylket som kjøpte mjølkerobot, i 2000. Roboten vart bytta ut med ny modell i 2013. Til garden høyrer drygt 200 mål med dyrka jord. Med leigeareal driftar dei om lag 600 mål. Graset blir pressa i rundballar. Spreieareal er alltid eit tema. Det er kamp om areala i det intensive landbruksmiljøet på Jæren.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,