Bonde og mentor: Birgit S. Hagalid har god hjelp i sin mentor, Mikal Hetland. – Eg har ein fast person å ringa til for spesifikke spørsmål, seier ho.
Deler kunnskap for å rekruttera kollegaer
Rekrutteringa i juletreproduksjonen går heller trått. Birgit S. Hagalid er eit unnatak i næringa. – Rekruttering og rådgiving går hand i hand, seier mentor Mikal Hetland.
Jane Brit Sande
– Du må ikkje vere redd for å vere litt brutal, seier Mikal Hetland, og svingar saksa over juletreplantane.
– Åja, du klipper såpass altså, seier Birgit S. Hagalid.
Dei er mentor og bonde. Han har drive med juletreproduksjon på Fister i Ryfylke i ei årrekkje, og er dagleg leiar i Norsk Juletreservice AS, eit produsenteigd salsselskap som sel juletre til grossistar, kjeder og torghandlarar. I fjor tok ho over heimegarden, med 30 000 juletre på 40 mål og 70 vinterfôra sauer. Garden driv ho saman med ektemannen Rasmus Hagalid-Stokkeland, og foreldra sine.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.