Familiebedrift: Jarle Haustveit (til venstre) er glad for å få hjelp av ein sprek onkel i haustinga. Kvar dag mellom 09 og 12 er Torstein på plass.

Eplepitlar i 80 år

4. oktober 2020

Seks år gamal vart Torstein Haustveit sett i arbeid heime i eplehagane. 80 år seinare står han her framleis og pitlar eple.

Ingerid Jordal, frilansjournalist

– Du veit, «an apple a day…», seier Torstein Haustveit (86) og syner fram eit prikkfritt, skinande raudt eple.

– Det er vel meir fem eple om dagen for din del, seier nevøen Jarle, frå andre sida av rasta.

I dag plukkar dei raud aroma på garden Haustveit på vestsida av Sørfjorden i Hardanger. Tåkedottane sig oppover i fjellsidene, sola kjem fram og får eplene til å skina enno meir.

Tidleg krøkt Jarle Haustveit har drive garden i 20 år. Onkel Torstein har hjulpe til, nett som han hjalp bror sin, og før det far sin.

– Eg byrja å pitla eple då eg var 6 år. Vi måtte arbeida frå tidleg alder vi, det er ikkje slik som no. Det vart kanskje litt i meste laget med arbeid iblant!

I dag er det høgst frivillig at Torstein møter opp kvar dag i innhaustinga klokka 09, og jobbar fram til middag klokka 12. Aromaepla står nesten i tunet, så det er lett å koma til. Huset her, som Torstein vart fødd i, er raudt som epla han held i hendene. Han var gut nummer to i søskenflokk på fire og dermed vart han ikkje fruktbonde, men tok handelsskulen i staden. Han har jobba til sjøs, på handelslaget og mange år i Sparebanken Hardanger. Han har og eit år frå gartnarskulen på Hjeltnes.

Sprek som få

– Det er slik eg har helde helsa, og ikkje jobba meg forderva. Når eg tenkjer på kor mykje foreldra våre jobba og sleit… dei hadde jo kyr og.

Torstein peiker opp mot nutane og fortel om sauer i skårafeste, og mjølk som vart firt ned på løypestreng frå stølen.

– Veit du kva rekorden min er opp på Hausanuten, spør Torstein og smiler.

Vi står berre nokre meter over riksvegen ved fjorden, og nuten som kneisar opp bak barndomsheimen er 1130 meter høg. Persen er på 55 minutt. Han er ikkje redd for å ta seg ut sjølv heller.

Garden har 25 dekar med eple og plommer. Mot eit normalår med fem tonn plommer og 25 tonn eple, ser det ut til å koma godt under 20 tonn til saman i år. Ein kald vår og forsommar har mykje av skulda. Aromaen er eit av epleslaga som ikkje har det så verst, i eit elles magert fruktår. Men fleire av dei er stygt angripne av makk og insekt, og kan derfor berre verta saft. Slik er det over heile linja.

– Det er kamp om dei norske eplene i år, seier Jarle, som seier han ikkje har sett maken til svikt i avlinga. Han er 62 år, og overtok garden for 20 år sidan. Torstein tykkjer det er vanskeleg å seie om dette er det verste året han har opplevd.

– Eg ser det er lite i år, det er det. Men vi byter jo ut tre og eplesortar opp igjennom, så det er aldri det same kvart år uansett.

Fødd inn i eplegarden: Torstein Haustveit vart fødd i det raude huset på Haustveit for 86 år sidan. Bakom ruvar Hausanuten.

Gleda i å hjelpa

Torstein småsyng for seg sjølv medan han plukkar. Det går unna, og kassa bakpå den gamle traktoren er snart smikkfull av eple. Traktoren er den yngste av arbeidsgjengen i dag, den er nett fylt 45.

– Kvifor kjem du fortsatt hit og hjelper til?

– Det er no greitt å koma seg ut av den vanlege tralten. Det er å stå opp om morgonen, laga frukost med kona og så er det ikkje stort meir. Eg såg at Jarle trong litt hjelp, så det er berre kjekt å koma hit. Før brukte eg å sykla, men eg har vorten litt ustødig.

– Ville du sjølv ha drive gard om du hadde hatt moglegheita?

– Jau, det kan tenkjast. I ungdommen hadde eg ein plan om å få tak i ei jordajenta (jente som arva jord), men det gjekk ikkje heilt som eg hadde tenkt, seier Torstein og ler litt.

Han er lukkeleg gift, men noko gard fekk han aldri. Kanskje var det ein god ting, for då har han hatt tid og overskot til å hjelpa andre.

– Desse her ser fine ut!

Han tek tak i ei velfylt grein med aroma.

– Det er slike eg meiner. Eit om dagen, så held du helsa!

Stikkord denne saka: ,