
Tilbake på jobb: Rune Hodne er tilbake i avløysarjobben etter at han vart angripen av ei ku. Her synar han båsen kor angrepet skjedde. Han vart klemt fast i hjørnet og stanga fem seks gonger. du kua gjekk eit par steg tilbake for å ta fart og angripa på ny, greidde han å smette unna.
Rune Hodne hadde marginane på si side då han ut av det blå vart angripen av ei ku i lausdrifta. Avløysaren slapp unna med skrekken – og fleire mindre brot i ryggen.
Sjur Håland
Tysdag 9. august var Rune mest heilt ferdig med morgonstellet. Han skulle til å leggja grovfôr på fôrbrettet og gjera seg klar til andre arbeidsoppgåver på garden då bonden bad han setja ei av kyrne i lausdrifta på bås. Eit heilt vanleg oppdrag og daglegdags gjeremål.
– Medan eg gjekk gjennom lausdrifta og kikka etter kua, kjende eg noko som stanga meg i ryggen, seier han.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.






