BN+Bilde av et ungt ektepar inne på et kjøkken. Hun har på seg en rød hettegenser, har langt, blondt hår i en hestehale, og en baby på fanget. Han har på seg en caps og en grå t-skjorte.

Påtroppande mjølkebønder: Marita, Håkon og vesle Helmer Oftedal.

Fekk kjøpt heile mjølkebesetninga



Då Rigmor og Kjell Einar avslutta bondekarrieren ved årsskiftet, opna Marita og Håkon ku-fjøsdøra i Oltedal på vidt gap og kjøpte dyra deira.


Sjur Håland


Bondeveteranane slapp det dei hadde førebudd seg på og grua seg til. Å slakta eller å dela opp flokken.


– Dette vart ei glimrande løysing og er berre gildt, smilar Kjell Einar Nordås, og får eit stadfestande blikk frå kone og kollega, Rigmor Børretzen.


Det har gått drygt tre veker sidan to livdyrbilar henta 13 kyr, 10 ungdyr og tre drektige kviger i fjøset hjå Rigmor og Kjell Einar på Voll. Ein 40-minutters kjøretur unna, på Oltedal i Gjesdal, stod nye bønder med oppgraderte båsar og bingar klar til å ta i mot. Mjølkekyrne kunne gå rett inn i mjølkeproduksjonen hjå Marita Frafjord Oftedal og Håkon Oftedal, medan ungdyra fekk plass i bingane.

Gjensynsglede

Nå er Rigmor og Kjell Einar på besøk og får sjå att dyra sine. Etter at dei nye eigarane av buskapen har fått ein blomebukett, ber det rett ut i fjøset for å kikka. Kyrne er reine og blanke. Det er luftig og reint i fjøset.
Over båsane heng dei same fjøstavlene som på Voll. Ikkje at dei treng sjå på tavlene. Rigmor og Kjell Einar kjenner sjølvsagt att kvart einaste dyr. Gjensynsgleda er stor.
Så tar dei turen i andre enden av fjøset, der ungdyrbingane er.


– Den er i brunst, seier Kjell Einar kontant, og peikar på ei raud ungkvige i same sekundet som han ser flokken.


– Det har du rett i. Den må inseminerast i morgon tidleg, parerer Håkon, og jumpar inn i bingen for å sjå nærare etter.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,