BN+

Fellesskap: Det er ein festdag når mjølkekyrne blir send opp til Gjøvdal. Bøndene samlast for eit grillmåltid for å sparke i gong beitesesongen. Frå venstre: William Henningsen, Tellef Honnemyr, Tor Anders Skaiaa, Nils Olsbu, Peder Bjormyr, Tom Løland, John Øina, Erik og Kåre Gunnar Fløystad, og Elibieta og Jòzef Mrozik. Tellef Eieland var ikkje tilstades då biletet vart teke.

Fellesskap på fellesbeite

På Gjøvdal fellesbeite i Åmli, Agder, er 131 kyr komne på plass for sommaren. I fire månadar skal dei boltre seg på 450 dekar med grønt gras.


Jane Brit Sande


Ni bønder, alle frå Agder, har sett fram til denne dagen i vekevis. Beitesleppet er like etterlengta kvart år, skal me tru bøndene. No skal dagane fyllast opp med anna arbeid på garden, medan mjølkekyrne blir røkta av Jòzef og Elibieta Mrozik – som har kome frå Polen til Åmli og fellesbeitet for 20. gong. Dei skal jobbe på Gjøvdal i fire månadar. Bøndene kan ikkje skryte nok av dei drivne røktarane. Då det var tørke i 2018, var Jòzef oppe kvar time for å halde vatningsanlegget i gang. Røktarbustaden er fem brakker som er skøyta saman. Ekteparet har sjølve stått for arbeidet med klargjering og innreiing.

Ein annan kvardag

Gjengen på Gjøvdal har ein lang historie bak seg. Først hadde dei fellesbeite på Balemyr, også i Åmli, i over 40 år. Då leigekontrakten der ikkje vart fornya, flytta dei til Gjøvdal i 2014. Nokon bønder har trekt seg ut, andre har gitt garden vidare til neste generasjon. Erik Fløystad har vore med i fellesbeitet sidan slutten av 1970-talet.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,