BN+

Kokken som vart bonde: Ein draum om bonderomantikk og verdas beste råvarer sendte kokken Anders Handal Tveite til eit fråflytta småbruk på Vossestrand. Her alar han opp sine eigne råvarer, og har starta Voss sin mest eksklusive restaurant.

Frå Michelin-restaurant til møkabinge



Kokken og restaurantsjefen såg behovet for skikkeleg gode råvarer. Derfor bestemte dei seg for å laga dei sjølv.


Ingerid Jordal, frilansfotojournalist


Eit tjuetals pelskledde grisar gryntar og kvin då bonden syner seg på tunet. Dei har trekt opp til gjerdet og står klare for å fanga frukosten. Eit trillebårlass med loff, bollar og brød frå gårsdagens overskot vert servert via lufta, og snart er 20 snøftande tryner fullt opptekne med å slafsa i seg godsakene. Skodda ligg enno tjukt nede i dalen under oss, men her oppe i bakken har sola kome for fullt. Ikkje at grisane treng ekstra varme. Dei hårete Mangalitsagrisane går ute året rundt. Bak gjerdet over vegen breker sauene. Tveite gard ligg 450 meter over havet, opp ein bratt bakke over E16, så vidt innafor grensa til Voss kommune. Rett gjennom ein tunell startar Sogn, her ligg Stalheim og Nærøyfjorden som næraste nabo.
Anders Handal Tveite har lua på snei, ein gamal fleece-genser og gummistøvlar. Ikkje mykje vitnar om at denne karen er utdanna kokk i Sør-Frankrike, med Junior-VM tittel og fleire stjernerestaurantar på CV-en. Ullgrisane bryr seg heller ikkje om slikt. Dei legg seg ned for ein føremiddagslur, og let sola varma ein full mage.

Gift med garden

Anders er oppvaksen i Stavanger, og jobba der som kokk då han traff restaurantsjefen Cecilie tidleg på 2000-talet. Då heitte dei Nilsen og Johnsen. Men det var før dei to bestemte seg for å overta eit forlatt bruk på Vossestrand. Så dedikerte vart dei, at då dei gifta seg tok dei namnet Tveite etter garden. Bergensaren Cecilie og siddisen Anders vart vossingar.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,