BN+

Jo Arild Tønnessen trong litt draghjelp i frukthagen. Då kom Morten Svanes på banen, med to bikubar og 35 000 bier.


Jane Brit Sande


Det summar rundt hovuda våre i frukthagen hjå Jo Arild Tønnessen. Sandalen gård er ein av tre fruktgardar i Randaberg kommune. Jo har eit nyttig samarbeid med birøktar og styreleiar i Honningcentralen SA, Morten Svanes: Morten stiller med bikubar fulle av svoltne pollinatorar, Jo stiller med matfat i form av ein frukthage. Resultatet er rike fruktavlingar.


– Det er 35 000 bier i kubane her hjå Jo, seier Morten, og peikar mot bikubane som står plassert ved steingjerdet.


Jo har planta 4000 epletre fordelt på 20 eplesortar, pluss plommer, kirsebær, stikkelsbær og litt pære.


– Ein lidenskap som er heilt på grensa til galskap, seier Jo om eiga fruktinteresse.


– Eg likar heile prosessen: Gjødsling og alle dei forskjellige teknikkane som kan testast, bløming, avling, og alt anna relatert til fruktdyrking. At eg får køyre både gravemaskin og traktor er ein bonus.


– Kva har bikubane eigentleg å seie for fruktproduksjonen?


– Det hadde nok blitt frukt om eg berre hadde belaga meg på dei ville humlene også, men avlinga hadde vore kraftig redusert. Humlebestanden varierer naturleg frå år til år. Her varierer temperaturane kraftig gjennom våren, og då er det ein stor fordel med stabiliteten frukttrea får frå bikubane, seier Jo.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,