BN+

God oversikt: På veg opp til fjellbeitet kan Jørgen nyta god utsikt over dalen der han har garden.


Jørgen Thorper Kårvand er ein av få heiltidsbønder i sin eigen kommune. – Det er bra at matjorda me har her blir nytta til noko, seier han.


Jane Brit Sande


Fjøset ligg fortsatt i skuggen av dei høge fjella når Bondevennen rullar inn på tunet. Gaustatoppen, med sine 1883 meter over havet, er eit majestetisk skode frå nesten heile dalen. Arbeidsdagen er i gang, og både far og son er i full sving.


– Der var du, ja, seier Jørgen Thorper Kårvand, bonden på garden, og kjem ut av traktoren. Far hans, Ole Jørgen Thorper Kårvand, er tilsett på garden og god arbeidshjelp.

Frå mjølk til ammeku

Ole Jørgen selte mjølkekvoten og satsa på ammeku i 2001. Heldigvis stod dyra ute på beite, då fjøset ein kveld brann ned til grunnen. Ammekufjøset dei nyttar i dag, stod klart i desember 2003. Då Jørgen tok over garden i 2017, hadde han drifta garden i fleire år allereie. Jørgen har no 70 mordyr.


– Det er i meste laget, så eg vil redusere til 60. Det vart vel mykje arbeid i kalvinga, seier han.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,