
Hjorteplage: Hit, men ikkje lenger. Det må eit solid gjerde til for å halda hjorten unna vinterfôret til Bjørne Røthe. Fundamentet er vegfenderar som er festa i bakken med kraftige stolpar.
Bonden har vore boredekksarbeidar i Nordsjøen sidan 1991. Etter så mange år, har dei jamne avbrekka frå fjøs og bratte bakkar på garden Røthe i Dyrvedalen i Voss, blitt ein vane.
Sjur Håland
– Femti prosent stilling betyr fjorten dagar i Nordsjøen og ti veker heime. Me er med i avløysarring, så det går fint an å leve med, seier Bjørne Røthe.
Når han er i Nordsjøen, deler avløysaren og kona, Mari Aker, på arbeidet i fjøset. Barna til Mari Aker og Bjørne Røthe er Maren, Knut og Peder. Mor til Bjørne, Aslaug Røte, bur også på garden.
Nytt i 2014
Mjølkeproduksjonen var i samdrift. Då far til Bjørne døydde, kom dei unge i ein valsituasjon.
– Det var anten eller i høve den framtidige gardsdrifta. Me valde å satsa på garden og bygde nytt fjøs som vart teke i bruk i mai 2014, fortel Bjørne.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.









