BN+

Idyllisk: Laurien Geerse og Guus Morel stortrivst på Alm gard, tett på natur og dyr. Før hadde dei ni kyr, og no er det fire, men ni-til-firejobb blir det likevel ikkje.


Nederlandsk idealisme og pågangsmot møter norske tradisjonar i Feios i Sogn. No vil «alle» ha øko-isen til Laurien og Guus - med mjølk frå telemarkskyrne Ronja og Bernadette blanda med sognabær og heimelaga karamell og....


Tekst og foto: Anne Rivenes, frilansjournalist Voss


– Der er du, er klokka så mykje alt? Vel byt sko, ta på frakk og hette, og kom inn, seier Laurien Geerse og vinkar inn til hektisk aktivitet i isfabrikken. Solide striper med sjokolade-is kveiler seg ned i boks etter boks, får lok og etikett, og vert raskt trilla til fryserommet. Maskiner vert reingjort, og nye smakar miksa til is med sitron, appelsin/mango og karamell/ valnøtt. Men også lokale råvarer.


– I dag skal me laga is med hylleblomst, seier Laurien Geerse. Ho løfter loket av fire stålspann, og snusar inn herleg ange av blomar som har trekt i vatn to døgn.

Søt honning og seig karamell

– Vanlegvis lagar me èin type is kvar dag, for det er passeleg med 100-litersblanding. Men no har me så mange bestillingar at me må bruka både den nye og den gamle maskina, fortel Laurien.


Ho har hjelp av franske Roxanne Le Ray, tyske Esther Imrecke og norske Svanhild Nordnes. Svanhild bur i Vangsnes og er fast deltidshjelp, medan dei to studentane er på kultur- og arbeidsutveksling. Samstundes, på eit anna rom i fabrikken, held Guus Morel på og slyngjer honning.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: