BN+

Frå kunsten til kalkunen:Bjørn Brynjolf og Els er saman om drifta av Økodrift Homlagarden. Fram til 2007 levde han av kunsten, og hadde keramikkverkstad på låven.


Det heile starta med ein kunstnar med ei interesse for fuglar. No har Økodrift Homlagarden vakse til noko stort, og blåser nytt liv i nedlagte Vestlandsbruk.


Jane Brit Sande


Det er ikkje mykje som minner om småbruk når ein først svingar av vegen og inn på eigendomen til Homlagarden. Eit stort, grått, bygg med logoen prydande på, er det einaste som vitnar om at dette er riktig stad.


– Nei, du er ikkje framme heilt enda. Nå er du ved slakteriet. Du skal køyre vidare. Følg svingen opp bakken, er beskjeden i andre enden av telefonlinja.


Fjorden kjem til syne. Det same gjer garden. Homlagarden ligg fritt til, over fjorden på Aksnes i Hardanger. Frå dette gamle småbruket blir det levert over 200 tonn fersk og frosen kylling og kalkun til kvalitetsbevisste ganar i heile landet. Korleis er det mogleg?

Frå idealisme til storproduksjon

Bjørn Brynjolf Pedersen er dagleg leiar i Økodrift Homlagarden AS, som han driftar saman med sambuaren Els Geelen. Dei første kalkunane kom til gards så tidleg som 1975, då Bjørn Brynjolf og familien kjøpte garden.


– Eg er keramikar, og hadde verkstad her på låven. Eg levde av kunsten fram til 2007. Då utvida me fjørfedrifta frå attåtnæring til heilårsdrift og i samarbeid med andre bruk, seier han.


– Det vart litt av eit karriereskifte?

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,