Generasjonar i ryggen: Gjennom seterdrifta tek Hilde tilbake litt av makta og stoltheita som dei gamle budeiene hadde. Dei som kunne fjellet, dyra og ikkje minst smøret. - Smøret var fjellets gull og makta låg i hendene til budeia. Så overtok industrien. I dag leverer me mjølka frå oss. Som om makta vart riven ut or hendene til desse sterke kvinnene som forvalta råvara, seier Hilde. Og frys litt på ryggen.