BN+

På far sin arm: Fem år gamle Jenny blir gjerne med på beitetilsyn, men førebels er det tryggast på far sin arm.

Skotske kyr i jærsk høgland

På Matningsdal på Jæren beiter skotske kyr. Dei gjer nytte av skrinne beite der lynghei, myr og bergknaus pregar landskapet.


Jane Brit Sande


Utmarka på Matningsdal, aust i Hå kommune, hadde stått unytta i fleire tiår. Lenge hadde utmarksslått vore ein måte å nytta det karrige landskapet, men det var det slutt på.


– Det var for gale at 1600 mål med utmark ikkje vart nytta. Det ville eg gjere noko med. Eg måtte berre finne ut korleis, seier Ronny Matnisdal.


Den skotske storferasen Galloway freista, og i 2006 kom dei femten første dyra til gards. No har han totalt 70 dyr av rasen.


– Denne storferasen er ekstensiv, og kjend for å klara seg på skrinne beite, slik eg har her, seier Ronny, og ser utover området, der bergknaus, lynghei og myr dominerer.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,