BN+

Alle bidreg: Stefan og barna Tobias og Bernadette i mjølkegrav av enkel type.

Stefan snur på euroen

Også tyske bønder merkar kostnadsauken og stadig nye krav til drifta. – Utviklinga dei siste åra er skummel, seier mjølkebonde Stefan Kornes. Men medan mange kollegaer vel å gi seg, prøver han å gjera det beste ut av stoda.


Øyvind Steinnes, bonde, Hovsherad


Kammlach, Tyskland: Det er vinter i lufta då me svingar inn på tunet til Bernadette og Stefan Kornes. Me traff dei på eit fagmøte for nokre år sidan og har halde kontakten sidan. Den vesle byen deira Kammlach, ligg ein liten time vest for München i delstaten Bayern, heilt sør mot Alpane i Tyskland. Garden ligg i kanten av ein liten ”dorf”, med fleire mjølkebruk inni sjølve landsbyen, bakeri og kyrkje kloss innpå fjøslukta.
I det svakt bølgjande landskapet med små skogkrullar, husklyngjer og eit lappeteppe av åker og eng, driv ekteparet eit familiebruk på mellom 80 og 90 mjølkekyr i eit drygt 15 år gammalt lausdriftsfjøs. Stefan har sjølv støypt og reist det. Det er eit klassisk familiebruk, der Stefan sine foreldre i 70-åra deltek i morgon- og kveldsstellet. Arbeidsdagen startar halv fem for Stefan og fem for kona og foreldra. Alle har sine faste oppgåver, der hovudtyngda er mjølking i ein fiskebeinstall med organ som flyttast frå side til side – såkalla swingover-stall.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,