BN+

Sekkesamling: Kraftfôr og –gjødselsekker frå Rogaland Felleskjøp før fusjonen med Agder Kjøpslag i 1970. Papiret i gjødselsekkene var tjørebehandla og ofte nytta til taktekking.


Er reiskapen lite brukt og har original lakk, spissar Trygve Ødemotland øyro. Då kan det henda 32-åringen ryddar plass til nok ei perle i samlinga si.


Sjur Håland


Ikkje alle hadde kome på å ta vare på ei gjødselskrue frå Kyllingstad. Trygve har to. Den eine er berre brukt tre gonger. I tillegg har han fleire gjødselvogner, også dei svært lite brukt. På eine Kyllingstad Guffen, lakkert i den karakteristiske blåfargen, står ein flik av pakksetelen frå då reiskapen var ny, framleis på.


– Kvar si sjuka, seier Trygve, og smilar breitt.

Arv frå far

Han er far til tre, og driv med rugeeggproduksjon og mjølk saman med kona, Tordis Eline Ødemotland. Men om kvardagane på Torland på Nærbø i Hå er aldri så travle, får han likevel tid til å dyrka hobbyen sin. Det ligg i blodet. Han fortel at faren tok han med på veteranbiltreff i sommarferiane då han var liten.


– Me reiste ikkje til Syden, for å seia det slik. Interessa for bilar, traktorar, Tempo mopedar og –motorsyklar kjem frå far, slår han fast.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: