BN+

Klar, ferdig grindbygg: Eige grindbygg-kurs for kvinner vart ein suksess, med 16 topp motiverte deltakarar frå heile landet samla ei langhelg på Voss. Foto: Atle Ove Martinussen, Vestnorsk Kulturakademi.


Då Vestnorsk Kulturakademi laga kurs for kvinner i grindbygging, strøymde påmeldingane inn frå heile landet. I løpet av fire dagar bygde to arbeidslag kvar sitt fiks ferdige grindbygg.


Anne Rivenes, frilansjournalist


Heime på garden har bonde og historikar Silje Een de Amoriza ei gamal grindløe som snart treng omvøle. Dessutan kunne ho tenkt seg eit lite grindbygg som gardsutsal, for kjøt- og grønsaker frå Een gard på Voss.


– Eg har lenge ynskt å vera med på kurs i grindbygg, men eg tenkte det ville bli utfordrande om eg var einaste kvinne saman med femten karar. Ein ville kanskje kjent seg utanfor sosialt, og dei har truleg meir kompetanse på førehand. Difor spurte eg Vestnorsk Kulturakademi om dei kunne lage eige kvinnekurs, fortel Silje Een de Amoriza, som fekk ynskjet sitt oppfylt ei vakker langhelg i mai.

Suksess-oppskrift

– Kurset vart raskt fullteikna, og me har endåtil venteliste, så me skal lage nytt kurs for kvinner til hausten, seier Atle Ove Martinussen, dagleg leiar i Vestnorsk Kulturakademi.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,