BN+

Våronn: Kalking og gjødsling av eng i same operasjonen under glitrande tilhøve på Njå 25. mars. Spreiemengda er drygt fire tonn på målet. Lars Nedrebø har valt å bruka ei tankvogn på femten kubikk med fanespreiar. Foto: Kaja Skålnes Knudsen.

Tilset flytande kalk i husdyrgjødsla

Lars Nedrebø tilset flytande kalk i gjødselkjellaren og kalkar systematisk eng, beite og attlegg kvart år. – Eg har ikkje råd til å la vera, seier han.


Sjur Håland


Om skydekket sør i Europa er mørkt, skin sola frå blå himmel over Njåfjellet, i Time kommune. Eimen av husdyrgjødsel riv godt i nasen og krydrar lufta, nett slik det skal vera når det er våronn på Jæren. Våronna i år er rekordtidleg. Traktoren og den store gjødselvogna står parkert i tunet hjå Lars som snarast. Bonden har fått gang på kaffimaskinen og benka seg ved kjøkkenbordet, vel budd for ein drittprat, med permar og papir som syner analyseresultat frå jord, fôr og gjødsel.
Lars driv med mjølkeproduksjon på 300.000 liter i kvote, 50 prosent påsett og 70 vinterfôra sauer. Dyrka-arealet er 260 mål. Med leigeareal disponerer dei 430 mål. Mesteparten av jorda blir nytta til grasproduksjon, men oftast har dei også ein bygg-åker.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

Stikkord denne saka: ,