Ei fin tilbakemelding: Marit og Magne Svantesvold ser på Mjølkespannet som ei fin tilbakemelding på jobben dei gjer. Dei bruke kukontrollen for å få oversikt, og følgjer nøye med på mjølkekvaliteten, både på tanken og hjå kvar enkelt ku. – Ikkje ta sjansar, men ta grep før det vert eit problem, er rådet.

 

Flaks? Tja, men ikkje flaks åleine. For Marit og Magne Svantesvold har oppskrifta vore gode rutinar og ei oppriktig interesse for dyra sitt ve og vel, samt ein god dose yrkesstoltheit.

Liv Kristin Sola.

Marit og Magne Svantesvold i Blikrabygda i Vindafjord, har mjølka kyr i førti år. Dei siste 25 åra har dei levert elitemjølk kvar einaste dag, utan glipp.

– Flaks, prøver Magne seg, men Marit protesterer.

– Då skulle du ha tippa lotto. Du har gode rutinar og tek tak i utfordringar før dei vert eit problem. Og du følgjer godt med, seier ho.

Men i fjor haust kunne det gått galt. Ein høg bakterieprøve var nær ved å sette ein stoppar for å nå milepælen på 25 år med elitemjølk. Bøndene sette i gang detektivarbeidet.

– Som å leite etter nåla i høystakken, seier Magne.

Dei fann årsaka; belegg i tappestussen. Elitemjølka vart berga.

Gardsfakta

Marit og Magne Svantesvold overtok heimegarden til Magne i Blikrabygda i Vindafjord i Rogaland, i 1982. Kuflokken varierer mellom 18 og 24 NRF-kyr på bås og ein flokk sauer av kvit og farga spælsau. Magne har også stor interesse for dølahestar og dei tre gjetarhundane på garden. Marit jobbar med tilrettelagde tenester i Vindafjord kommune.

Kvoten er på 120 tonn og garden har 140 dekar dyrka jord og 100 dekar beite. Oksekalvane vert selde til liv.

Marit og Magne har to døtrer, Marthe og Dorthe, og ein son. Sonen Anders og svigerdottera, Pia, skal etter kvart overta og utvikle bruket vidare. Barna har vore avløysarar og til svært god hjelp for foreldra opp gjennom åra.

Ved årsskiftet hadde Magne og Marit levert elitemjølk til Tine i 25 år samanhengande. Som takk for innsatsen får dei Tine sitt Mjølkespann i sølv.

Ei framtid for garden: Garden til Marit og Magne ligg midt i biletet, medan sonen Anders og svigerdottera Pia har kjøpt og etablert seg med tre barn, sau og okseoppdrett på garden til høgre i biletet. På sikt skal dei overta heimegarden.

Privilegert bonde på heiltid

Det er Magne som står for den daglege drifta, men han får hjelp av Marit når det trengst. Som til å schalmteste dyra om celletalet stig på tankmjølka. Dei første åra arbeidde begge på garden. Ungane var med, og fekk endåtil sin eigen binge som «leikegrind». Etter kvart gjekk Marit ut i jobb.

– Ein av oss måtte ut å tene pengar, seier Magne.

Deltidsstillinga i kommunen vart til fulltid, med arbeid i bufellesskap og tilrettelagde tenestar. Inntekta til Marit var viktig. Spesielt i starten. Det var tøft den gongen, ikkje minst med høge renter. No kjenner paret på uro også på vegne av neste generasjon.

– Eg er heldig som får vere bonde på heiltid. Mjølkeproduksjon er ikkje lett å kombinere med anna jobb, seier Magne.

Marit og Magne har kjøpt kvote frå staten og auka produksjonen frå 86 til 120 tonn. Dei har dyrka jord og auka grovfôrgrunnlaget på bruket, men dei mjølker framleis i båsfjøset.

– Me var innom tanken om lausdrift, men overlèt det til neste generasjon. Då står dei friare til å gjere eigne vurderingar om fjøset og kva driftsopplegg dei vil ha, seier Magne.

Må fordele arbeidsbyrden

Marit og Magne har konsentrert kalving frå oktober til desember. Då er sauene heime frå fjellet og lamma er slakta. Kyrne mjølker ut juli før dei vert sina av. Dei forstår at Tine treng sommarmjølk, men både lamminga og kalvinga krev bonden «døgnet rundt», og for Magne er det uaktuelt at det skjer samstundes, eller tett på kvarandre.

– Eg må fordele arbeidsbyrden. Også bønder treng å lade batteria, minner han om.

Han trur konsentrert kalving kan vere ei god løysing for mindre bruk. Når alt skjer konsentrert er du på hogget. Når kalving og inseminering er over kan skuldrane seinkast – før neste dyst.

Tillitsfulle dyr: Om ein kallar det lynne eller tillit, kontakten med dyra, og rolige og trygge dyr, viktig i fjøset hjå Marit og Magne.

 

Betre helse med fôrvogn: Det er alltid grovfôr i vogna og seks gonger i døgnet fordeler ho kraftfôr til kyrne. – Etter at me fekk vogna vart det slutt på husmann, seier Magne.

Sparer tid med ku og kalv i lag

Går alt etter planen tek Magne imot 25 kalvar på to månadar. Etter å ha prøvd ut ulike opplegg for kalvefôring, lar han no kalvane få fri tilgang til mjølk frå kua.

– Kalvane drikk meir enn eg ville gitt dei, og dei er friske og aktive. Og det sparer meg for arbeid, seier Magne.

Kyrne går med eigen kalv minst ei veke. Etter det flytter han gjerne fleire kalvar på ei ku, eller gjer andre tilpassingar.

Bakgangen fungerer som liggeplass til kalvane. Her har dei også kraftfôr og høy. Sauegrinder gjer nytte som stengsel slik at kalvane ikkje får springe fritt i fjøset. Avvenninga skjer puljevis etter seks til åtte veker.

– Det ser nok litt bomba ut i fjøset akkurat i den tida, men for kalvane er det heilt topp, seier Magne.

Også veterinæren og andre som er innom legg merke til dei velfødde kalvane. I tillegg har celletalet gått ned. Kyrne vert mjølka morgon og kveld, og mjølkinga er litt arbeidssam desse vekene.

– Men det er det verd, seier Magne.

Ekte husdyrinteresse

Magne har stor interesse både for sau og ku, men òg for dølahestane og dei tre border colliane på garden. Ikkje minst er det sosialt å drive med hest og sau, med samlingar, utstilling og kåringar.

Om sommaren tek dei saueflokken til fjells, til Haukeli, kor dei er ein del av eit beitelag. Sauen var også grunnen til at dei ikkje reiste til Oslo for å ta imot Sølvtina etter femten år med elitemjølk.

– Å reise frå sauene midt i lamminga – nei, det går ikkje, seier Magne.

Han smiler. Høyrer at det er litt sært, men slik er det. Og det er ikkje eit stort offer. Dyra kjem først.

Skulle eg vald om att, hadde eg blitt bonde igjen.

Magne Svantesvoll

Velfungerande kyr

Magne les oksekatalogen grundig, plukkar ut dei oksane han vil bruke og lagar sin eigen avlsplan. Målet er kyr med godt eksteriør, gode bein og jur, og eit godt lynne. Høgt tørrstoffinnhald er viktigare enn mykje mjølk. At kyrne er høgreiste er ein fordel.

Han kan namngi faren til alle kvigene og kyrne. For tida er trønderen 11690 Roen ein favoritt. I fjøset står tre fine kyr etter denne oksen.

– Men denne kviga har eg også store forventningar til, seier Magne, og viser til ei høgreist og tillitsfull kvige etter 12027 Storflor.

Magne og Marit har levert oksekalvar til Geno. Fire av dei har vore nytta som ungokse, men slapp ikkje gjennom nålauge som eliteoksar. Magne var  ein av dei som var noko skeptisk då Geno gjekk vekk frå avkomstgransking og over på gs-oksar. Likevel har han kasta seg på og gs-testa alle dyra sine.

– Eg må innrømme at det er skremmande kor godt det stemmer med det eg ser i fjøset, seier han.

Neste generasjon er klar

Marit og Magne har framleis arbeidslyst og pågangsmot.

– Folk spør om eg ikkje snart skal pensjonere meg, men eg er ikkje klar, seier Magne.

Når den tid kjem, vil neste generasjon overta. For eit par år sidan kjøpte sonen, Anders, og svigerdotter Pia, nabogarden. Eit eldre bruk kor dei har busett seg med tre barn, nokre sauer og slakteoksar.

– Det er kjekt å ha dei så tett på. No kan me samarbeide og hjelpe kvarandre, både med gardsarbeid og barnepass, seier Magne.

Også Dorthe, som er mellomst i syskenflokken, har arva interessa for husdyr og gardsdrift – og hest. I lag med mann og tre born har ho kjøpt eit mjølkebruk i Etne. Ikkje lengre vekke enn at dei gir kvarandre ei handsrekking når det trengst.

Marit og Magne kjenner seg privilegert. Dei har aldri framstilt livet som bonde som betre enn det er, men prøvd å vise dei realitetane, både på godt og vondt. For det er mange fine stunder, men også mange harde tak. Med store investeringar er det ikkje gitt at dei unge kan leve av garden.

To døtre etter 11690 Roen: Svartros til venstre er etter Roen og har Prestangen som morfar. Gullhorn til høgre har finske 23007 Asmo Tosikko som morfar. Dei har felles mormor som var etter 10177 Braut. – Robuste og høgreiste kyr med godt ekteriør, har greitt med mjølk og er greie å ha med å gjere, summerer Magne.
På godt og vondt: I snart førti år har Marit og Magne gått inn og ut desse fjøsdørene for å mjølke og stelle dyra sine. Både jord, buskap og fjøs har dei vedlikehalde og oppgradert i takt med utviklinga. Men ombygging til lausdrift overlet dei til neste generasjon. For sjølv om Marit og Magne har prøvd å framstille jordbruket på ein realistisk måte, har to av dei tre borna vald ei framtid i landbruket.

Har nådd ei grense

Marit og Magne trur bøndene har nådd ei grense, reint fysisk, for kor mange arbeidstimar dei kan klare og kor langt dei kan køyre med møkk og grovfôr, for å få drifta til å gå rundt.

– Me kan ikkje halde fram med å sluke nabogardane. Det er ikkje berekraftig, seier Marit.

I tillegg kjem stadig strengare krav til dokumentasjon og tilsyn, klima og dyrevelferd.

– Men ingen stiller like strenge krav til maten me importerer. Kløfta mellom bonde og byråkrat har blitt for stor, og bonden blir ikkje høyrt i mange saker. Eg er redd me går på ein durabeleg smell ein dag, seier Marit.

Krav til betre dyrevelferd aukar i takt med utgiftene, blant anna til dyrlege. Mange småfebønder må vurdere om dei har råd til å tilkalle dyrlege til sjuke dyr. Alternativet er å avlive.

– Når økonomien ikkje strekk til, blir me tvungne til å tenke kynisk, seier Magne.

– Er me ved eit vegskilje?

– Det er grådig vanskeleg å spå framtida, spesielt for slike bruk som vårt. Men det vil forsvinne alvorleg mange bruk i åra som kjem, om ikkje vilkåra vert betre, seier Magne.

Me kan ikkje halde fram med å sluke nabogardane.

Marit Svantesvoll

Treng folkeopplysning

Med færre bruk vert det også færre som har kontakt med landbruket. Mange kjenner næringa berre gjennom media. Kunnskapsmangel er ei stor utfordring for bøndene.

– Når me blir færre bønder er det også færre forbrukarar som har tett kontakt med landbruket, seier Magne.

Han har likevel tru på endring, at folk vil forstå kor viktig det er at me produserer vår eigen mat. For han vil så gjerne vere optimist, også på vegne av neste generasjon.

– Eg må innrømme at det røyner på for optimisten i meg, men skulle eg vald om att, hadde eg blitt bonde igjen. Det finst neppe eit meir allsidig og interessant yrke, seier Magne.

 

Stikkord denne saka: , ,