BN+

Avlsnerd: Arild Øvsthus vedgår villig at han er nokså nerdete når det gjeld avlsarbeid. Heilt sidan han var gutunge har han studert oksekatalogar og pønska på gode kombinasjonar.

Vitskap og forsking i fjøset

Arild Øvsthus påstår sjølv han er litt nerd når det gjeld avlsarbeid. Men resultatet er kyr som mjølkar best i landet, og avkom med ettertrakta genmateriale.


Anne Rivenes, frilansjournalist


Som gutunge på åtte-ni år sat Arild Øvsthus bøygd over skriveboka, klypte og limte inn bilde av oksar frå katalogar og av kyrne dei hadde sjølve. Mykje basert på utsjånad, laga han oppsett over kva som var beste oksane å bruka til dei ulike kyrne. Førti år seinare går han meir vitskapleg til verks, men målet er det same: å avle fram den beste mjølkekua basert på den optimale kombinasjonen av genar.


– Eg er laga sånn at eg må ha system. Det må vera noko ekstra, og noko å sjå fram til, seier Arild Øvsthus (49), som tok over garden i Skulestadmo i år 2000.


Den gongen var det båsfjøs med 12 kyr og 53.000 liter mjølkekvote. Etter påbygging i 2017 vart det mjølkerobot og lausdrift, og besetninga har kome opp i 29 kyr med plan om å levere 346.000 liter i 2021.

Avlar på kropp og lynne

– Det var NRF-kyr på garden då eg tok over, men eg syntest det var spennande med ulike rasar, og gjekk over til Holstein og Jersey. Men etter ombygginga hadde eg høg kvote, og klarte ikkje fylle kvoten med Jersey-kyr, så då byrja eg med Holstein og Brown Swiss, fortel Arild.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,