Operasjon einaste løysing: Hunden hadde ete tøyfilla, og begynt å verte alment påkjent. Det kunne lett kjennast eit langt tarmparti som var fortjukka, og tarmen var raud og irritert då hunden vart operert. Ein månad seinare kom same hund tilbake med same diagnose. Denne gongen hadde den ete ein gummihanske. Etter behandling med parafin, væske og smertelindring kom hansken ut med avføringa og hunden slapp ny operasjon.