BN+Kalv som har diare

Lei start: Vanlegvis er kalvane minst fire til fem veker når dei får diare frå koksidiose, men dei kan òg vera yngre. Foto: Rasmus Lang-Ree

Slik oppdagar og behandlar du koksidiose hjå kalv



Dei aller fleste som driv med storfeproduksjon har sikkert hatt kalvar med diare. I dei fleste tilfella er diareane fôringsrelaterte. Diare kan også oppstå på grunn av virus, bakteriar og parasittar.


Reidun Fattnes,
dyrlege i Førde i Sunnfjord


Koksidiose er ein parasitt som angrip tynntarmen til kalvane og gir blodig diare. Vanlegvis er kalvane minst fire til fem veker når dei får denne diareen, men i min praksis har eg også sett yngre kalvar bli sjuke. Inkubasjonstida, altså tida det tek frå kalvane blir smitta til dei blir sjuke, er om lag tre veker. Inkubasjonstida hjå nokre koksidieartar kan vera kortare.

Symptom

Det vanlege er blodig diare. Kalvane kan fort bli dårlege og tynne.

Behandling

Kalvane må behandlast med medikament. Eg gir ofte vitaminer, antibiotika og støtteterapi. Kalvane taper mykje væske ved diare, derfor kan det vera livsreddande å gi dei væske i tillegg. De som dyreeigarar bør gi kalvane vatn med elektrolyttblandingar utanom dei faste måltida med mjølk.
Det er også mogeleg å førebyggje koksidiose med eit medikament. Dette bør derimot ikkje gjerast over ein lengre periode, fordi det kan gjera parasitten resistent mot middelet ein brukar.

Stadfesting av koksidiose

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,