BN+

Risiko: Børslyng kan førekome. Som oftast må dyrlegen tilkallast. Foto: Liv Kristin Sola


VETERINÆRENVer obs på børslyng



Minutta tel når ei dreidd livmor stengjer for kalvinga.


Torbjørn Nes Hjelle
Dyrlege tilknytta Eid Veterinærkontor, privat praksis i Ytre Nordfjord


Fødselshjelp på kyr og sau er kjekt arbeid. I eit distrikt der hovudtyngda av storfeet er NRF, er det i utgangspunktet svært lite kalvingsvanskar. Godt avlsarbeid over lang tid og systematisk kvigeoppdrett skapar svært lite kalvingsvanskar som dyrlegen får bryne seg på. Det er òg relativt gode ferdigheiter rundt omkring hjå produsentane. Mange er langt på veg sjølvhjelpte.

Enkle ting

«Kor får eg tak i lange hanskar sånn at eg kan klare enkle ting som børslyng» var det ein litt fersk mjølkebonde som lurte på, her om dagen. Børslyng vil som regel krevje hjelp av dyrlege. Det er viktig at bonden tidsnok oppfattar at kalvingsforløpet ikkje er normalt og undersøkjer fødselsvegen. Tidsforløpet er vesentleg her. Er kua kalvesjuk utan at det skjer noko meir, må ein vaske seg og kua godt og ta på seg hanskar og kjenne inn i skjeden. Ein trong, ikkje symmetrisk fødselsveg med foldar eller band som går skrått, indikerer at børen er dreidd om sin eigen akse og at dyrlegen bør tilkallast.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,