Familietid: Tanken på meir tid i lag, gjer det lettare å forsvare mjølkerobot i ein middels stor besetning.

Med eventyrlyst og ei god utdanning, kunne Peder Nernæs satsa på ei framtid mest kor som helst. Han valde å bli heiltidsbonde på Mundheim i Hordaland.

Liv Kristin Sola

– Eg kunne ikkje sjå føre meg at garden ikkje skulle drivast vidare, seier Peder.
Som bondeson vart det naturleg å velje naturbruksutdanning på Fusa vidaregåande. Med studiekompetanse i lomma og eit årsstudium i engelsk språk, var odelsguten klar til å utforska verda utanfor dei vestlandske fjell og fjordar.
Turen gjekk til Bradford i England, der han studerte internasjonal politikk.
– Eg ville gjere noko heilt anna, kome meg vekk frå kvardagen, seier Peder.
Etter tre år i Bradford kom han heim med ei bachelorgrad. Pedagogisk seminar på høgskulen på Stord rusta bondesonen til sju år som lærar på Fusa vidaregåande skule.

Tre-fjøs: Fjøset er i heiltre med limtresperr. Inntil vidare, er det bonden sjølv som skraper spaltene.

Gradvis overtaking

Samstundes vart Peder meir aktiv i drifta på heimegarden. Han pakta ein gard i Mundheimsdalen og dreiv samdrift i lag med faren, Knut. Kyrne vart mjølka på heimebruket, medan kviger og kalvar stod i fjøset i Mundheimsdalen.
I 2013 vart det bondeyrket for fullt. Året etter overtok han heimebruket. Dei to mjølkekvotane utgjorde 190.000 liter og fjøset kunne huse tjuefem kyr. Mjølkeanlegget var eit Erlandsanlegg med mjølkerøyra støypt ned i golvet.
– Det vart fult overalt og tungvindt arbeid. Skulle eg fortsette måtte eg investere i nytt fjøs, seier Peder.
Tre år seinare stod eit moderne robotfjøs klar til bruk.

Satsar på tre

Robotfjøset er på 25 x 16 meter med eit 4 x 16,2 meters langt utstikk på langsida mot tunet. Taket har atten graders vinkel. Sperr og åsar er av limtre. Det same er søylene som støtter taket. Fjøset er isolert med klimastyrt ventilasjon.
Tak og veggar er i plank av heiltre. På taket er det nytta fire toms plank, medan veggane er tre toms plank. Både tak og veggar er dekka av Hunton-plater som har trefiberisolasjon og fuktsperre.
– Ved å suge opp fukt om vinteren og gi frå seg fukt om sommaren, regulerer dei massive treveggar klima og fukt inne i bygget, forklarer Peder.
Veggene er malt kvite innvendig. Den nedste halvmeteren av veggen er impregnert for å hindre rote. Plastplater beskyttar der dyra er i kontakt med vegg. Led-armaturar i taket sikrar godt lys.

Frå eiga sag

Med god hjelp av faren, Knut, driv Peder firmaet Horda Tre AS. Dei leverer seks til åtte hundre kubikk med virke i året. Horda Tre har spesialisert seg på levering av spesialdimensjonar, blant anna til arkitektteikna bygg, material til skipsindustrien og til renovasjon av gamle bygningar. Dei hadde store leveransar til renoveringa på Bryggen i Bergen.
– Det er uråd for små sagbruk å konkurrere med dei store på standardvirke. Mange som bygger fjøs i tre endar opp med å kjøpe alt virke, sjølv om dei har eiga gardssag. Her har me såpass stor omsetnad at me har sal på resten av stokken. Difor kunne eg forsvare å kjøpe tømmer og skjære planken til fjøset sjølv.

Kompromiss og løysingar

Då tomta vart grove ut, flytta dei masse til jorda rundt fjøset, noko som ga mykje betre arrondering. Slik gjekk det lite dyrka jord tapt i byggeprosessen. Når gamle bygningar skal fungera i lag med nytt og moderne, krev det nøye planlegging og ein del kompromiss. Det nye bygget er tre gonger så stort som det gamle i flateareal. Gamlefjøset skal byggast om til kvigeavdeling, og kalvings- og sjukeavdeling. Fôrbrettet er to meter breitt og ligg mot den eine ytterveggen. Heile rekka har skråmontert fangfront.
– Ingen må finne på noko anna, slår Peder fast.
Kva slags utfôringssystemet han ender opp med har han ikkje bestemt seg for. No køyrer han inn fôr frå tårnsiloen med ein grabb, eller triller rundballar inn med pallejekk. Fire fem rundballar i gongen, nok til om lag to døgn.

Ryggrada i familien: – Besto er den som gjer at dette går rundt, seier Sarifa og Peder. Maisha er kalla opp etter Besto som heiter Liv. Maisha betyr Liv på Swahili.

Nyttig investering?

Det er høgt nok over fôrbrettet til å montere bandfôring eller utfôringsvogn.
– Fôringa skal opplevast ganske tungvindt før eg prioriterer å investere 400.000 i eit automatisert fôringsanlegg, seier Peder.
Med dagens enkle system er han ikkje låst til ein type løysing, men vil vurdere kva type fôringsopplegg som kan fungere best i praksis, både med tanke på ensilering og utfôring. I dag nyttar dei både tårnsiloane og rundballar. Graset vert lagt i streng og plukka opp med ein Serigstad med multikutter. Mykje vert pressa i rundball.
– Kan hende endar eg opp berre med rundballar. Det gir mest fleksibilitet også med tanke på vêret, kommenterer Peder.

 

Denne teksten er eit utdrag frå ein reportasje som var på trykk i Bondevennen 25/26 – 30. juni 2017.