Flyttesjau: Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) flyttar frå Rogaland Landbrukspark på Særheim i Klepp til Bryne.

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling flyttar frå bygda til byen. – Kraftsenteret på Særheim smuldrar opp, meiner landbrukspark-eldsjel Eirik K. Hobberstad.

Sjur Håland

Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) har hatt administrasjon og undervisningslokale på Særheim i Klepp, på Jæren, dei siste åtte åra. Frå oppstarten, kring tusenårsskiftet og fram til 2009, var høgskulen stasjonert i Nærlandsparken i Hå, før adressa vart Særheim. Skulen vart ein del av landbruksmiljøet på den gamle forsøksgarden, som no er ein del av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Fleire aktørar, som Tine, Norsk landbruksrådgiving Rogaland, Geno og Klepp Rekneskapslag, held til på Særheim.
Tidlegare har Vinterlandbrukskulen på Jæren (VLJ) flytt frå Særheim. Dei held i dag til i lokala til Øksnevad vidaregåande skule. No pakkar også HLB rekvisittane sine og flyttar. Ny adresse blir det historiske Serigstadbygget i Bryne sentrum.
Blant dei som har ivra mest og lengst for at Særheim skulle bli eit kraftsenter for landbruket i Rogaland, er Eirik K. Hobberstad frå Varhaug. Den pensjonerte bonden har vore engasjert i VLJ, og seinare også HLB, sidan 1970. Han var tilsett i HLB frå 2000 – 2016.
– No ser me at ideen om ei sterk kompetanseklynge og kraftsenter er i ferd med å smuldra opp. Særheim og «paraplyen» Rogaland Landbrukspark kunne blitt noko av. Det gjekk dessverre ikkje, summerer Hobberstad.
Hobberstad beklagar at Særheim ikkje fekk den statusen og rolla som det vart ivra for.
– Argumentet då HLB og VLJ flytte frå Nærland i 2009, var at me i lag med Øksnevad vidaregåande skule, skulle utgjera eit kompetansesenter for landbruket i regionen saman med dei andre aktørane, fortel han.
– Kva gjekk galt?
– Eg trur dei ulike einingane på Særheim var litt for slakke. Dei sat på kvar si tue utan å ta skikkeleg tak i ideen og dei ambisiøse planane som låg bak etableringa av Rogaland Landbrukspark. Ei felles kantine og dagleg møtestad var, slik eg ser det, ein føresetnad for å lukkast. Me kom aldri særleg lenger enn til ein felles lunsj ein fredag i månaden.

Inga krise

– Eg ser ingen grunn til krisemaksimering på grunn av at ein aktør flyttar ein kilometer frå Særheim, seier Dag Jørund Lønning, professor og rektor ved HLB.
– Kvifor flyttar de til Bryne?
– Det er det mange grunnar til. Me er ein samfunnsvitskapleg aktør og vil markera oss som Jæren sin høgskule. Med lokalisering i Serigstadbygget blir HLB sentralt plassert og synlege på ein heilt annan måte enn på Særheim, kor me nok har vore litt gøymde. Dessutan handlar det om å få ei lokalisering der studentane kan reisa til og frå med kollektivtransport.

Til landbrukshovudstaden

Time kommunestyre sitt vedtak om at Bryne skal vera jordbrukshovudstaden i Norge, høver godt med flyttestrategien til HLB, i følgje Lønning.
– No flyttar me inn i landbrukshovudstaden. Me vil setja eit djupare fotavtrykk i regionen og blant anna kunna arrangera ulike diskusjonstema i eit sentralt plassert forsamlingslokale.
– Kva med Rogaland Landbrukspark?
– Eg vil ikkje seia at miljøet har smuldra opp. HLB er framleis medlem i Rogaland Landbrukspark, saman med både Vinterlandbruksskulen og Øksnevad vidaregåande skule. Ei klynge i seg sjølv betyr lite. Å arbeida tverrfagleg for så vidt ulike organisasjonar som på Særheim er krevjande og krev felles løyvingar. Å berre lokalisera saman er ikkje nok, understrekar Lønning.

Plass til nye

Samvirkeføretaket Rogaland Landbrukspark vart stifta i desember 2011. Stasjonssjef hjå Nibio på Særheim, Arne Sæbø, er for tida styreleiar i Landbruksparken. Sæbø ser ikkje mørkt på at det no blir ledige kontor på Særheim.
– Nei, ledige kontor betyr plass til nye aktørar. Eg ser på det som skjer som eit høve til å styrka Rogaland Landbrukspark ytterlegare, seier han.
Sæbø held, som Dag Jørund Lønning, fram at HLB si flytting til Bryne er udramatisk.
– Rogaland Landbrukspark vil vera like sterk som før. HLB, Vinterlandbrukskulen på Jæren og Øksnevad vidaregåande skule er framleis medlemmar og vil vera med framover, seier han.
– Kva skjer i Rogaland Landbrukspark?
– Kvart medlem har ein representant i styret. Landbruksparken har jamlege styremøte. For tida jobbar me med tema som handlar om fritidslandbruket og behovet bønder som driv «litt» landbruk har for kompetanse og rettleiing. Me har òg eit prosjekt gåande som handlar om utnytting av husdyrgjødsel.
Arne Sæbø held fram at Rogaland Landbrukspark er ein arena der enkelte av aktørane finn saman og arbeider med felles prosjekt. Landbruksparken skal drivast vidare.
– I haust innbyr me til samrådingsmøte der vegen framover for Rogaland Landbrukspark er tema, fortel han.

Eirik K. Hobberstad.

Dag Jørund Lønning.

Arne Sæbø.