Miss Jæren 2016: Ku nr. 653 frå Skretting ku på Varhaug, var første gong på utstilling som førstekalvsku. Ho vart rangert på sisteplass og fekk tilnamnet Jumbo. Sidan har kua vore med på fleire utstillingar, og i 2016 gjekk ho heilt til topps i konkurransen. Tvillingane Maria og Mikkel Skretting (12) er erfarne mønstrarar på Jærmessa, både med kalv og ku. Far, Tommy Skretting, tek det meste av jobben med å førebu dyra. Under utstillinga trivst han best i kulissene. Då er det Mikkel og Maria som overtek. Kua er født i mai 2010 og ventar sjette kalven i starten av juli. Far er 28004 R David. Morfar er 22008 K Lens.

Lange bein og fine jur. Med falkeblikk skal dommarane leita etter dei små avgjerande detaljane.

Liv Kristin Sola

Siste helga i august vert det tradisjonen tru, stilt ut ku og kalv på Jærmessa på Varhaug. Utstillingskomiteen er i gang med planlegginga. Invitasjon er sendt ut til alle mjølkeprodusentar i Rogaland, og endå litt lenger. Avl og miljø er i fokus. Alle er velkomne, uavhengig av kor dei leverer mjølk og kjøt.

Innblikk, avl og rekruttering

– Motivasjonen er tredelt, seier Sigmund Rangen, leiar i utstillingskomiteen.
Rangen er sjølv mjølkeprodusent, og var ein av eldsjelene då utstillinga starta for 14 år sidan. Bøndene vil løfta fram det aktive landbruket for jærbuar som ikkje har dagleg kontakt med næringa. Samstundes har utstillinga eit sterkt fokus på avl, eksteriør og den funksjonelle kua. Arrangementet er også viktig for rekruttering til næringa, med kalvemønstring og mønstring for ungdom.

Den jærske olja

Rangen viser til at arrangementet har positive effektar, langt utanfor næringa.
– Mjølka er den jærske olja. Mjølkeproduksjonen er starten på ei lang verdikjede som genererer store summar, også utanfor landbruket. Det må me vera klar over, seier Rangen, og oppmodar bønder om å skyta fram brystkassa og vera stolte matprodusentar.

Eit adrenalinkikk

På vegne av komiteen ønskjer Rangen spesielt nye utstillarar velkommen.
– Det krev litt innsats å førebu seg, men du får ein sånn opptur av å vera til stades og oppleva stemninga, forventninga og samhaldet blant utstillarane, seier Rangen.
Han trur at nettopp dette trekkjer folk og fe til utstillinga år etter år.
– Det gode miljøet er ikkje sjølvsagt, og det kjem ikkje av seg sjølv.

Friske dyr

Gullkua er ein konkurranse for kyr med minst tre laktasjonar. Basert på helse, produksjon og fruktbarheit, er målet å fremja den haldbare kua.
– Ei god ku er ei funksjonell ku, med god produksjon og god helse, seier Rangen.
Alle kyr som skal stillast ut skal sjekkast under klauvene, og besetninga skal vera fri frå klauvsjukdommen digital dermatitt. Dyrlegen skal vurdera generell helsestatus og signera ein helseattest på kvart av dyra som skal på utstilling. Bonden sjølv må skriva under på eigenerklæring. Besetninga må ha status som grøn med tanke på BRSV/BCoV.
– Me er opptekne av å gjera ting rett, seier Sigmund Rangen.

Krav for å stille dyr:

  • Alle kyr må vera etter seminokse eller etter stambokført gardsokse, og innmeldt i kukontrollen.
  • Alle kyr som skal på utstilling må ha veterinærattest på at dyra er friske, med spesifikk status på klauvsjukdommen digital dermatitt (DD). Besetningar med påvist DD kan ikkje stilla dyr, heller ikkje kalv.
  • Bonden må fylla ut ei eigenerklæring på at dyra er friske, både kalv og ku.

BRSV/BCoV, grøne og raude besetningar

Besetningar med status som raud, kan ta prøvar av mjølk frå to til fire kyr og senda inn til analyse. Alternativt kan dei ta blodprøvar frå minst fire kalvar som er eldre enn seks månadar.
For informasjon og påmelding, kontakt Tone Aardal på telefon 99243116 eller e-post: tone.aardal@tine.no