Dei modige bøndene: Guro og Jon satsar på smågrisproduksjon i ei tid som er prega av overproduksjon. David på fire år er uvitande om utfordringane, men gler seg til grisane kjem.

Trass i overproduksjon, vågar dei nybakte bøndene Guro og Jon Fløysvik likevel å satsa. Snart står det nye grisehuset klart for dei første puljane med purker.

Jane Brit Sande

Guro og Jon Fløysvik tel ned dagane før dei første puljane med purker kjem til gards. Det nye grisehuset er nesten klart når Bondevennen er på besøk. Arbeidarane held på med siste finpuss, og snart skal Guro og Jon svinge høgtrykksspylaren. Medan fjøset tørker, skal familien på seks nyte fire feriedagar i campingvogna.
– Ungane er vane med å vere heile somrane på Lyngdal Bibelcamp, så dei lurar på korleis ferien blir i år. Det blir annleis, men det skal skje mykje spanande heime i år, seier Guro.
På garden i Nedre Espedal, Forsand kommune i Rogaland, investerer dei ferske bøndene over ni millionar kroner i grisehus. Dei satsar på kombinert SPF-besetning, med hovudvekt på smågrisproduksjon.

Den hemmelege draumen

Jon er yngst av sju sysken. Det låg aldri i korta at det var han som skulle bli bonden på heimegarden, i alle fall ikkje som han visste om.
– Bror min tok over garden då eg var berre sju år gamal. Eg har aldri sagt det til nokon andre enn Guro, men å drive heimegarden har vore ein draum eg har hatt. Men sidan bror min har drive garden i alle år, så har eg aldri kome på at det kunne vere aktuelt, innrømmer han.
Guro og Jon gifta seg og flytta saman i eit nabohus for 15 år sidan. Etter kvart som byggefelt-jenta frå Jørpeland fekk akklimatisert seg, starta jakta på ein gard som kunne bli deira. På eit tidspunkt var dei nær ved å kjøpa ein gard, men seljar trakk seg i siste stund.
– Eg fekk hint om å spørja bror min om kven han hadde tenkt skulle driva garden etter han. Eg hadde ikkje tenkt på moglegheita, det er fortsatt ti år til han blir pensjonist. Eg spurte, og han svara at han hadde tenkt at me skulle driva den, viss me hadde lyst, fortel Jon.
Sidan gjekk det slag i slag. Kort tid etter denne samtalen samla syskena seg og planane blei lagt fram. Jon sine sysken skreiv frå seg odelen same kvelden.
– Me var heldige slik, at dette ordna seg så greitt. Me er heldige i det heile tatt, seier Jon.
Ekteparet tok formelt over garden 1.1. 2016. Broren og foreldra bur fortsatt på garden. Broren driv ennå med sau slik han har gjort dei siste tiåra, og han har fortsatt inntekta frå den utleigde mjølkekvoten. Guro og Jon bur så tett på garden, at buplikta blir rekna for å vere oppfylt.

Praktiske løysningar: David demonstrerer korleis dei enkelt kan opna og lukka lokket over gøyma til grisungane. Arbeidarane er i sving med siste innspurt i bakgrunnen.

Ny produksjon på garden

No eig Guro og Jon gard og grunn, men broren har fortsatt drifta som før. Ekteparet såg seg nøydde til å finna ein produksjon som kunne passa inn i puslespelet. Dei hadde ikkje grovfôrareal og beiter, sidan broren til Jon driv med sau.
– Eit fantastisk høve til å starta med noko heilt nytt, og det måtte bli noko kraftfôrbasert. Verken slaktekylling eller egg freista, så det vart eit enkelt val. Smågrisproduksjon både passa inn og freista, seier Guro.
Det var ikkje vanskeleg for dei å få med seg Nortura på laget. Begge skryt av støtta og rådgivinga dei har fått i prosessen. Planlegginga av grisehuset starta våren 2015.

Griseprodusentar vs. marknaden

Svinenæringa har i fleire år vore prega av overproduksjon, for mange smågris, for mykje kjøt på lager, og dårlegare betaling til produsentane. Gitt er det snart ikkje mogleg å eksportera for å redusera lagera, heller. Ein kan undrast om ikkje nyetableringa til Guro og Jon er vel vågal? Torgeir Erfjord, regionssjef Vest i Nortura kommenterer:
– Slakte- og smågrisproduksjon er ikkje kontraktfesta slik som på slaktekylling, og det er fritt fram for å etablera seg som produsent. Nortura har mottaksplikt på slaktegris.
– Me opplever fortsatt toppar i marknaden for grisekjøt, men me er avhengige av rekruttering til næringa, seier han.
Erfjord viser til at det finns fleire små- og mellomstore produsentar som sit med nedbetalte gamle driftsbygg. Fleire av desse er på veg ut av næringa. Det tyder at nye produsentar og nye bygg må vere på plass og i sving innan desse bøndene trekk seg tilbake.
– Me ynskjer ikkje å stimulera til nyetableringar innan griseproduksjonen, særleg ikkje til smågris. Slaktegrisproduksjon er det me rådar til dei som vil satsa, men det er opp til kvar enkelt, seier Erfjord.
Nortura rådar nyetablerarar og etablerte produsentar som må sanera eller byggja nytt, til å satsa på SPF.
– Dette er ei meir berekraftig produksjonsform, med lite medisinbruk, då besetningane må vere frie for blant anna APP, som er ein lungesjukdom som skapar mykje problem, seier Erfjord.
Men APP er ikkje det einaste.

Forsand midt i blinken

SPF-besetningar skal også vere frie for smittestoff som kan gi smittsam grisehoste, smittsam lunge- og brysthinnebetennelse, nysesjuke, svinedysenteri og skabb.
– Det er eit langsiktig mål, at alle besetningar skal vere SPF, men målet er ikkje tidfesta. Me erkjenner at dette er utfordrande i områder med høg dyretettleik, slik som på Jæren. Der har enkelte SPF-besetningar mista sin status, då dei har fått inn smitte i besetninga. Slik sett, er Forsand midt i blinken for eit nyetablert grisehus med SPF-status. Med låg dyretettleik, og få grisebesetningar rundt, er sjansen for smitte låg, seier Erfjord.
– I Nortura må me ha to tankar i hovudet samstundes. Me skal ha marknadsperspektivet med oss, og me vil ikkje stimulere til nyetablering. Men på lang sikt er det høveleg med nyetableringar, og det er positivt å få inn nye folk som vil satsa, avslutter Erfjord.

 

Teksten er eit utdrag frå ein lengre reportasje. Du kan lesa heile i Bondevennen 25/26 – 30. juni