Like robust: – SPF-grisen har ikkje eit dårlegare immunforsvar. Den er friskare og like robust som annan gris, seier spesialveterinær Stine Margrete Gulliksen. Illustrasjonsfoto.

– SPF-grisen er like robust som annan gris. I tillegg er den enda friskare, seier spesialveterinær Stine Margrete Gulliksen i Helsetjenesten for svin i Animalia.

Jane Brit Sande

– Det finst ingen snarveg til SPF. Det er høgaste helsestatus for gris, seier Stine Margrete Gulliksen, spesialveterinær i Animalia.

Omlegging til SPF er omfattande, sjølv om omfanget sjølvsagt avheng av kva slags type besetning som skal leggast om. Konverteringa inneber som regel fullt skifte av besetning. Det vil seie utslakting, sanering av bygg, og eventuell ombygging av eksisterande driftsbygning eller bygga nytt for å tilfredsstilla krav til smittebeskyttelse. I tillegg kjem utgifter på grunn av produksjonsstans, kostnader for nye innsett, og veterinærbesøk, prøvar og analysar for å få godkjenningane for SPF-status.

Les også: Trur på SPF innan 2030

Like robust

Mange bønder er overtydde om at SPF-grisen er dårlegare rusta mot sjukdommar. Dette stemmer ikkje, i følgje Gulliksen.

– SPF-grisen har ikkje eit dårlegare immunforsvar. Den er friskare og like robust som annan gris. Den er fri for nokre patogen, men er ingen porselensgris, seier spesialveterinæren.

– Den største forskjellen mellom SPFgris og annan norsk gris, er at den er fri for APP, smittestoffet som gir smittsam lunge- og brysthinnebetennelse.

Stine Margrete Gulliksen

Gulliksen seier at det ikkje er ein fordel for grisen å starta livet i eit miljø som er fullt av smittestoff. Spedgrisen får sin naturlege immunitet frå purka og miljøet i fødebingen i SPF så vel som i konvensjonell drift.

– Men sidan SPF-grisen manglar immunitet mot APP, bør ein vurdera vaksinering ved innsett i konvensjonelle besetningar, forklarar ho.

SPF-grisen er like avhengig av godt stell og gode rutinar, som den konvensjonelle grisen.

– Særleg med tanke på smittevern, understrekar Gulliksen.

Ambisiøst

Helsetjenesten for svin i Animalia samarbeider tett med Norsvin og slakteria om SPF-målsettinga innan 2030.

– Det er eit ambisiøst mål, og eg håpar det er realistisk. Skal me lukkast, krev det samarbeid i alle instansar og dyktige svineprodusentar i alle delar av næringa, seier Gulliksen.

– Me har ei unik god helse i svinepopulasjonen her til lands, og er aleine om å ha eit mål om SPF-status i alle besetningar, seier ho.

Må følga rutinane

Gulliksen har følgande råd til bønder som vil legga om til SPF:

– Planlegg i god tid, og involver dei rette fagpersonane. Det økonomiske tapet må vere så lite som råd, og då må prosessen gjerast riktig, seier ho.

Det er ikkje så stor skil på å driva SPF eller konvensjonelt, skal me tru Gulliksen.

– Du må fortsatt gjere det du veit er riktig for grisene. I SPF må smittebeskyttelse ha ein høgare prioritet, og du må alltid følga rutinane, seier ho.

Stikkord denne saka: ,