Skjerping: Utkastet til revidert gjødselvareføreskrift legg innskjerping av fosforbruken til grunn. Landbruksdirektoratet vil over tid auka spreiearealkravet frå fire til seks dekar per GDE. Miljødirektoratet vil ha eit tak på 2,1 kilo tilført fosfor per dekar. Utkastet skal handsamast politisk før ferdig utkast blir sendt på høyring.

Fosformengda skal ned og spreiearelkrava blir strengare. Det er klart etter presentasjonen av Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Mattilsynet sitt forslag til høyringsutkast for revisjon av gjødselvareføreskrifta.  

Sjur Håland, Bondevennen

Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet er usamde og leverer kvar sitt forslag gjeldande punktet om fosforavgrensing og spreiearealkrav.

Seks dekar

Det blir lagt til grunn at dagens krav samsvarer med 3,5 kilo tilført fosfor per år.

Landbruksdirektoratet føreslår å trappe opp frå fire dekar per gjødseldyreeining (GDE) til fem dekar i løpet av fem til sju år etter at føreskrifta blir gjort gjeldande. Dette vil ifølgje direktoratet  redusera fosformengda til tre kilo. På sikt skisserer Landbruksdirektoratet ei ytterlegare nedtrapping til 2,5 kilo fosfor og seks dekar per GDE i løpet av dei påfølgjande ti åra.

Maks 2,1 kg tilført

Miljødirektoratet ønskjer heller å regulere husdyrgjødselmengda direkte som kilo fosfor per areal. Det betyr at strengare krav til spreiemengder eventuelt kan løysast ved å levera gjødsel ut frå føretaket til anna disponering (tørking/pelletering/separering/biogass). Direktoratet føreslår ei nedtrapping via 2,4 kilo fosfor til eit tak på 2,1 kilo.

Forslaget legg opp til ei delt føreskrift. Ei gjødselbrukføreskrift og ei gjødselvareføreskrift. Det er gjødselbrukføreskrifta som det har vore knytt mest spenning til, særleg i jordbruksintensive strok som på Jæren.

Kortare spreieperiode

Spreiing av husdyrgjødsel blir føreslege tillate mellom 1. mars og 1. september. Det betyr at fristen for spreiing og nedmolding om hausten blir skjerpa inn. Det skal haustast eller etablerast plantevekst etter siste spreiing. Husdyrgjødselspreiing i perioden 1.-15. september kan finne stad i samband med såing av haustkorn eller andre vekstar som skal etablerast for innvintring.

Kantsoner

Standardkravet i dag er to meters vegetasjonssoner langs vassdrag. Desse kantsonene skal ikkje gjødslast. Ved bruk av spreiemetodar som kan gi avdrift (til dømes fanespreiar) skal det i tillegg ikkje gjødslast dei siste to metrane inn mot vegetasjonssona.

Lager for urin, biorest og flytande svinegjødsel skal ha tak eller anna dekke som hindrar fordamping til luft. Gjødsel frå storfe dannar skorpe over gjødsla og blir ikkje berørt av kravet til tak. Ei blanding av gris og storfe blir truleg også godkjent utan krav om tak, men då må delen storfegjødsel vera så stor at det vert danna skorpe.

Uendra lagerkapasitet

Det har vore knytt spaning opp mot kravet til lagerkapasitet. Forslaget til føreskrift legg ikkje opp til endring her. Kravet blir minimum åtte månadars lagerkapasitet for eigen produksjon av flytande gjødsel. Føretaket må kunna dokumentere tilstrekkeleg lagerkapasitet.

Godkjent spreieareal er fulldyrka og overflatedyrka jord. Styresmaktene kan godkjenna anna areal (innmarksbeite eller opparbeiding av innmarksbeite), men det skal leggjast vekt på verknaden gjødslinga kan få for natur- og kulturlandskapsverdiar, og om spreiing betyr gode driftsmessige føremonar for bruket. Innmarksbeite blir rekna som 2:3 i høve fulldyrka.  Utmarksareal kan, slik det er no, ikkje godkjennast.

Ingen avstandsavgrensing

Det har vore knytt stor spaning til om det blir innført avstandsavgrensing i høve til transport av husdyrgjødsel. I forslaget frå Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Mattilsynet, blir det ingen endringar i høve til dagens praksis.

Praksisen med obligatorisk gjødselplan blir som før, men dei nye krava betyr tettare oppfølging hjå dei som ligg på grensa mellom areal og tilført mengde gjødsel. Dermed blir det innført krav om dokumentasjon på korleis husdyrgjødsla blir fordelt i praksis gjennom vekstsesongen.

Forslaget til høyringsutkast til revidert gjødselvareføreskrift frå Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Mattilsynet vart overlevert departementa 15. mars. Etter politisk behandling her blir ein endeleg tekst sendt ut til høyring, før endeleg politisk vedtak.

Marit Epletveit

Vel strengt

– Det generelle førsteinntrykket er at dette var vel strengt. Nå må me få tid til å gå grundig gjennom forslaget til høyringsutkast, før me uttalar oss for bastant, kommenterer leiaren i Rogaland Bondelag, Marit Epletveit, til Bondevennen.

Epletveit reagerer blant anna på Miljødirektoratet som vil ned til 2,1 kilo tilført fosfor gjennom vekstsesongen.

– Dette er jo langt lågare enn kva gjødselplanane tilseier. Med denne mengda vil me ikkje kunna ta ut avlingspotensialet. Skal me med eit slikt opplegg måtta søka dispensasjon for å få bruka den mengda fosfor som plantene treng, vil det bli eit enormt byråkrati.

Ved eit krav om seks dekar per gjødseldyreeining vil dyretalet i Rogaland måtta kuttast.

– Eg har vanskeleg for å sjå føre meg eit scenario der tilsvarande heile svineproduksjonen i fylket, eller 40 prosent av storfehaldet, må flyttast til andre delar av landet. Det er ikkje samfunnsmessig forsvarleg i det heile, seier ho.

Epletveit understrekar at utkastet til føreskrift på fleire felt skisserer to ulike løysingar.

– Etter politisk behandling skal dette ut som eit samla høyringsforslag. Denne høyringa blir viktig. Då skal me vera på hogget.

Anders Rognlien Foto: Håvard Simonsen

Straffar Rogalandsbonden

– Dette vil straffe Rogalandsbonden spesielt hardt, seier Anders Rognlien i Yara.

Liv Kristin Sola, Bondevennen

Fosforsituasjonen i Rogaland er ei utfordring, men som svar på denne utfordringa meiner Rognlien at forslaget til høyringsutkast for ny gjødselvareføreskrift ikkje er spesielt målretta. Han hadde ønska seg ei meir framtidsretta tilpassing som motiverte bøndene til å ta ut meir av potensialet i grovfôrproduksjonen. No vert det heilt motsett.

Rognlien er spesielt uroa fordi dette forslaget først og fremst vil ramme dei mest effektive bøndene som oppnår størst avlingar. Bønder med avlingar under middels, får ingen negativ avlingseffekt av å redusere mengd fosfor.

– Avlingar over 1000 FEm per dekar har behov for mellom 3,5 og 4 kilo tilført fosfor per dekar. Ein reduksjon til 2,4 kilo vil ramme dei beste knallhardt ved at dei får problem med tilstrekkeleg spreieareal, seier Rognlien.

I andre land, til dømes Nederland, er behovet for næringsstoff differensiert og tilpassa avlingsnivået. Utfordringa er at det er få norske bønder som kjenner avlingsnivået sitt.

– Det er enda færre som kan dokumentere avlingsnivå, seier Rognlien, og legg til at det vil ta fleire år før me kjem dit at bøndene har dokumentasjon på avlingsnivå.

– Med grasdekke på store delar av arealet, slik situasjonen er i Rogaland, er det lite fare for utvasking av fosfor. Mykje av fosforet vert bunde der det er og beveger seg lite i jorda. Mykje handlar om å tilpasse gjødslinga og spreie husdyrgjødsla på ein effektiv måte under gode tilhøve, trur Rognlien.