Stein: Ti centimeter tjukk stein i tunet og mellom planterekkene er oppskrifta hjå familien Hermansen på Sele. Til saman er tre dekar steinlagt på garden. Frå venstre: Thor Jan Hermansen, Trond Hermansen og Jone Espeland frå Multiblokk.

Gardstunet skal lett tola tungtransport og hard handtering. Sommar som vinter. I tillegg skal tunet helst vera vedlikehaldsfritt.

Sjur Håland

Så skal tunet sjå godt ut og vera lett å halda reint. Men kva er det beste dekket, betongstein eller asfalt?
– Me valde betongstein, og har ikkje angra éin dag. Her er det berre føremoner, smilar Thor Jan og Trond Hermansen frå Sele på Jæren.
Far og son Hermansen driv med slaktegris, korn- og grasdyrking og ein omfattande planteskule, Hermansen Planter AS. Bygningsmassen på garden er betydeleg, med blant anna to store lagerhallar som fungerer som arbeidsrom og vinterlager for planter og maskinar.

Tre dekar stein

Det er særleg i samband med planteskuledrifta at betongsteinen har blitt brukt. Til gangvegar mellom planterekkene, kjørevegar og området framfor hallane. Totalt har dei steinlagt kring tre dekar.
– Alternativet hadde vore asfalt. Me var i Nederland og såg at stein og heller var mykje brukt, med gode praktiske erfaringar. I tillegg vurderte me at eit steinlagt tun er finare å sjå til og er lysare enn asfalt. Men vitigaste argumentet for oss var at stein toler meir, forklarer Thor Jan.
Han meiner at ein tung reiskap med ei hard anleggsflate, som blir sleppt ned på asfalten, fort kan laga eit hol.

Tåler juling

– Me har valt 10 centimeter tjukk stein (7-10 cm. blir vurdert som landbruksstein i følgje produsenten Multiblokk). Denne steinen tåler mykje juling, noko han får hjå oss.
Utvalet av stein og heller er stort. Distriktssjef hjå Multiblokk, Jone Espeland, held også fram at det er mogleg å velja eit permeabelt dekke. Det betyr stein med breiare fuger der fugemassen også er grovare. Vatnet drenerer med andre ord rett ned i grunnen under steindekket.
– Dermed slepp ein gjerne å oppdimensjonera eksisterande overflaterenner og –kummer i samband med legging av fast dekke. Permeabelt steindekke er mykje brukt i andre land. Det synar seg at metoden er haldbar, det er ikkje problem med tilslemming, held han fram.
Trond Hermansen forklarer at dei har valt å legga steindekke i delar av eine lagerhallen.
– Om jobben hadde blitt gjort i dag, hadde me brukt enda meir stein her. Vår drift fører med seg at ein del vatn følgjer med planter og reiskap inn. Denne fukta trekker ned i grunnen under steindekket.

Tre dekar: Familien Hermansen har steinlagt til saman tre dekar med tun, lagergolv og gangvegar i planteskulen.

Sjølvgjort

Thor Jan og Trond Hermansen har gjort steinleggingsarbeidet sjølv.
– Grunnarbeidet har vore omfattande, men det arbeidet måtte me gjort uansett kva dekke me hadde valt, seier dei to, som har brukt ulike storleiker på steinane/hellene. Dei største hellene krev minst grunnarbeid, erfarer dei.
Jone Espedal erfarer at bønder er praktiske. Mange lager eigne klyper til bruk når hellene skal leggast. Dermed blir kapasiteten større.
– Med rette utstyret og under gode tilhøve er det faktisk mogleg å legga 800 kvadratmeter på ein dag. Det fins også vakuumutstyr til legging av heller, påpeikar han.

Enkelt vedlikehald

– Kva med reinhald og vedlikehald?
Me brukar ein kost på minilastaren. Kjapt og enkelt. Skulle ein stein eller ei helle bli øydelagt, er det berre å skifte ut med ein ny stein. Det er også enkelt med stein dersom ein til dømes må fjerna litt av dekket for å leggja eit røyr i bakken, seier Thor Jan Hermansen.
– Pris?
Me reknar at ferdig lagt 7 – 10 centimeter stein vil kosta mellom 200 – 300 kroner per kvadratmeter pluss moms, inkludert eit tre til fem centimeter settelag og fugesand, seier Jone Espeland frå Multiblokk.