Purke saman med grisungar

Tomdagar på purkene er også slike keisame fartsdumpar som lagar krøll i produksjonen, men som ikkje er dramatiske nok til at ein tenkjer på dei dagleg.

– Det du ikkje veit har du ikkje vondt av, er det eit bråkjekt ordtak som seier. I mange tilfelle kan det stemme, men i grisehuset er det ikkje slik.

Hilde Elin Østerhus
Rådgiver gris, Nortura

Dersom du ikkje veit at fôrforbruket i grisehuset ditt er altfor høgt, eller tomdagane altfor mange, kan du i aller høgaste grad oppleve økonomiske vondter. Svineproduksjon er detaljstyrt. Alle bekkar små KAN føra til ei stor Å, anten det gjeld straum av pengar inn eller ut. Det er viktig å kjenne til dei ulike småbekkane i produksjonen, sjå om dei renn rett eller feil veg, og dermed ha betre sjanse til å styre dei i rett retning.

Ta kontroll, du er sjef

Å vera svineprodusent, bonde, arbeidsleiar og sjef, betyr ikkje at du alltid må vera best, eller vita mest. Å vera sjef er å ta leiinga. Du må ta roret og styra skuta over dei bølgjene og rundt dei skjera som måtte koma i vegen. For å kunne vera ein god kaptein er det ein klar fordel å skaffe seg oversikt, eit kart over området du skal arbeide i. Det er her me skal vere i denne artikkelen.

Sjå fartsdumpane i tide

Fartsdumpar kjem ofte litt brått på, dei øydelegg driven og kan i dei brattaste tilfella øydeleggje bilen. I tillegg har dei ein tendens til ikkje å klistre seg på minnet, slik at dei også neste gong,- får bilen opp i vêret og humøret ned på knea. Me hugsar dei ikkje før dei kastar oss av.Slik er det med ein del viktige faktorar i svineproduksjonen vår også. Me veit at eit høgt fôrforbruk kostar pengar. Men om ein ikkje ser og kjenner fôrforbruket i eige grisehus, så slepp ein jo å førehalde seg til det? Eit høgt fôrforbruk gjer liksom ikkje vondt før ein oppdagar det? Tomdagar på purkene er også slike keisame fartsdumpar som lagar krøll i produksjonen, men som ikkje er dramatiske nok til at ein tenkjer på dei dagleg.
Slikt kostar pengar.

Ein kan ikkje berre jobbe

Å vere ein effektiv bonde i dag, er ikkje berre styrt av tal timar og skritt i støvlane. Ein må bruke brillene òg. Å ta seg tid til å skaffe seg oversikt over det ein driv med, sjå om det er nokre varsellampar som lyser, og kva slags varsellys det er, er noko av det viktigaste ein bonde gjer i dag. Det er ikkje lenger nok å arbeide døgnet rundt. I mange tilfelle kan ein vinne både tid og pengar, om ein har oversikt og arbeidar målstyrt.
Her kjem Ingris inn som eit verktøy til å få oversikt over kva som føregår i fjøset. Ingris kan med få tastetrykk vise deg kva som føregår, og om det er nokre faktorar som bør arbeidast ekstra med. Spør deg sjølv, eller naboen: Kva ligg bak tala frå rekneskapsføraren? Har eg medels, gode eller suverene produksjonsresultat? Mistar eg noko på vegen? Har drifta mi eit forbetringspotensiale? Andre spørsmål er; har du ein plan? Har du eit (eller fleire) mål å styre etter?
For å kunne arbeide målstyrt, treng ein å måle seg jamt, då er Ingris eit godt verkty for å sjekke om ein er på rett veg.

Fôrforbruk kostar

Norsvin lagar kvart år eit kvalifisert og godt oppsett over venta dekningsbidrag i dei ulike produksjonsformane. I desse finn ein også oversikt over marginalverdiar som me kan ha godt av å gløtte bort på mellom arbeidsslaga. Marginalverdiane viser tydeleg at ørsmå endringar kan gje fine utslag i det økonomiske handlingsrommet ditt. Til dømes kan ein slaktegrisprodusent, som betrar fôrforbruket med 0,1 FEn per kilo tilvekst, tene inn 29 kroner per gris. I eit konsesjonshus handlar det brått om 61.000 kroner på eitt år. Kva potensiale ein har for meirinntekt er det mest umogleg å vite, om ein ikkje fører Ingris eller anna program som viser deg det reelle fôrforbruket.
Kva om drifta sug ut 2,8 FEn per kilo tilvekst, og du ikkje veit det? Kva om du med ganske enkle tiltak kan få ned fôrforbruket til 2,6 eller 2,5 FEn per kilo tilvekst, og slik kan spare utgifter til kraftfôr på 58-87 kroner grisen, som i eit konsesjonshus gir eit årleg utslag på 120-180.000 kroner? Smågrisprodusenten kan også enkelt føre Ingris og overvake det som skjer hjå smågrisen mellom avvenning og sal. Reduserer du fôrforbruket med 0,1 FEn per kilo tilvekst her, er det 105 kroner å tene per kull hjå ein satellitt, og 226 kroner per årspurke hjå ein vanleg smågrisprodusent. Ein satellitt i purkering med full konsesjon på 53 kull, med til dømes 1,9 FEn per kilo tilvekst i dag og 6,5 puljar i året, vil med å senke fôrforbruket til 1,80 FEn per kilo tilvekst kunne dra inn 36.000 kroner. Reduser fôrforbruket med 0,2 FEn, så hentar du ut 70 000 kroner. For ordinær smågrisprodusent med same endringa på 0,1-0,2 FEn per kilo tilvekst, og 100 årspurker, kan det gøyme seg 22.000-45.000 kroner i fôrforbruk som verken du eller grisen treng.

Tomdagar: Sugerøyr i lommeboka

Tomdagane sug ut kraftfôr og oppheld grisehusareal utan produksjon.Dei har alltid ei årsak, nokre legitime, andre meir prega av gamle vanar og manglande avgjersler. Éin tomdag per kull, kan heve eller minke inntekta på 89 kroner per årspurke i smågrisproduksjon. Statistikken i Ingris viser skilnad frå 12 tomdagar hjå dei beste, til 38 dagar hjå dei dårlegaste. Her er ein skilnad på 1070-3380 kroner per årspurke. I ei besetning på 40 årspurker gir det variasjon frå kroner 43.000 til 135.000 i kostnad på tomdagar. I ei besetning på 100 årspurker er variasjonen frå 107.000-338.000 kroner. Veit du kor mange tomdagar purkene i besetninga di har?
Å fyre for kråkene har aldri vore særs lønsamt. For kombinertprodusenten vil ei endring på ein tomdag per kull utgjere 135 kroner per årspurke. Har du kalkulatoren klar?

For deg som har slaktegris

”Ingris Tilvekst” fungerer slik at all informasjon om innkjøpt smågris og alle slakteopplysningar kjem direkte inn i Ingris frå slakteriet. Då står det berre for deg att å melde inn i programmet ein dato du vil at ”overvakinga” skal starte og slutte. Griser som døyr eller blir avliva i denne perioden, legg du også inn, og til slutt: kva grisene har ete.
Dersom du har eit normalt godt våtfôringsanlegg, kan du nulle ut alle ventilar ved innsett, og deretter lese av, ventil for ventil, kva du har brukt i perioden, og legge det inn som samla fôrforbruk for innsettet i Ingris, når det er slutt. Har du ikkje moglegheit til dette, er det like enkelt å leggje inn alle innkjøpa (eventuelt be fôrleverandøren gjere det for deg) for deretter å fortelje Ingris kor mykje kraftfôr du har att på tanken, når avdelinga eller huset er tømt, og alle er slakta. Driv du med kontinuerleg drift, vel du deg ein dato å gjere opp status på, og legg inn dette. Då har Ingris fått nok informasjon til å gje deg ein produksjonsrapport som viser deg ei rekkje interessante tal på produksjonen. Etter ei tid kan du setje innsetta opp mot kvarandre, og samanlikne resultata.
Går det rette eller galne vegen? Er det her ein fartsdump du kan oppdage før du deisar over i høg fart og blir den som slår i rattet? Når ein set inn tiltak og gjer noko aktivt for å forbetre ein faktor, kan ein seinare sjå om det virka, – og vite betre KVA som virka.

For deg med purker

Du kan velje om du vil starte med å leggje inn heile besetninga, eller berre ta pulje for pulje, etterkvart som du inseminerer. Når alle opplysningane frå inseminering, grising og avvenning er lagt inn, du har meldt ut dei aktuelle purkene til slakt, og ting sviv fint, er her ei mengd av interessante tal å ta ut av programmet.
Ingris kan mellom anna vise oss tomdagar, grisingsprosent, tal avvende og tapsprosent i fødeavdelinga. Du kan sjå resultata pulje for pulje, eller lengre periodar om gongen. Du kan få rapport over resultata fordelt på kullnummer, er det best grisingsprosent hjå dei yngre eller eldre? I kva for kullnummer er det mest tap? Kor er det me kan hente inn eit høgare dekningsbidrag og ein kjekkare kvardag i grishuset?

Bv47.indd