– Garden? Nei, det er ikkje store bruket. Nokre kyr, sau, litt høns. Bratt. Eg veit ikkje eingong om du kan kalla det ein gard.

DET HENDER ME høyrer bønder snakka ned det dei held på med, omtrent på denne måten. Dei fleste held maska og vitsar litt over stoda. Andre fortel med blanke auge om tvilen som gneg innfor kvar arbeidsdag. Er det verdt strevet? Har bruk, slik som deira eige, ein plass i framtida?

I BONDEVENNEN skriv me mykje om dei store gardane og om bønder som satsar millionar på nybygg og teknologi. I reklamane for samvirka og Bondelaget skin alltid sola og bøndene ser på oss med faste, trygge blikk. I 2017 er landbruket i vinden og bonden ein stolt matprodusent med yrkestittelen i store bokstavar på t-skjorta. Det var ikkje alltid slik, og denne utviklinga er gledeleg. Men det fell ikkje like naturleg for alle bønder å slå seg på bringa. Til det opplever dei framtida som for usikker.

NOKO SKURRAR. Medan det blir satsa og investert stort i delar av landet, går talet på aktive bønder ned, stadig meir jordbruksareal går ut av drift og sjølvforsyningsgraden fell.

ER DET DETTE ME VIL? Sjølvsagt ikkje. I programma sine seier alle partia, unntatt Framskrittspartiet og Høgre, at dei vil legge til rette for såkalla små-og mellomstore bruk. Og likevel, anten det er Senterpartiet eller Framskrittspartiet som sit med makta, har den urovekkjande utviklinga halde fram. Dei store blir større og færre, dei mindre fell i frå.

STORE BRUK ER BRA, der det ligg til rette for det. Samstundes er eit mangfald av ulike bruksstorleikar også viktig fordi det sikrar god ressursutnytting, spreidd busetting og produksjon, lokal verdiskaping og biomangfald. I likskap med større gardar, produserer små gardar mat. Dei styrkar matberedskapen vår.

AGURKTIDA HAR VORE PREGA av ein pussig debatt om i kva grad norske verdiar er under press. Småbruket og småbrukaren utgjer eit grunnleggande felles historisk-kulturelt referansepunkt som har lært oss verdien av nøysemd, samhald og hardt arbeid, (som sjølvsagt ikkje er unike norske verdiar). Desse verdiane er ikkje truga av ytre krefter. Om dei står seg, eller forvitrar, avheng vår eiga evne til å respektera og røkte dei skikkeleg.

DERSOM EI REKKE såkalla små- og mellomstore bønder ikkje skal bli dei siste på bruka sine, er tida no moden for omfattande investeringar. Føresetnaden for at desse bruka skal gå godt også i framtida er at det blir langt meir lønsamt å bruka jorda. Tilskota må tilpassast slik at dei i tillegg til å støtta opp under volumproduksjon og bygg, styrker drifta også i meir marginale område. Og dersom me verkeleg meiner noko med målformuleringa om meir mat på norske ressursar, må me sjå nøye på måtar å auka lønsemda i-, og betra bruken av, eigne grovfôrressursar.

SNART ER DET VAL. Stem rett. Og hald for all del dei folkevalde i øyrene, ikkje lat dei gløyma valløfta sine dei neste fire åra. Valflesk utan handling attåt, mettar dårleg.

TIL SLUTT. «Små- og mellomstore bruk» er nyttig omtale når det dreier seg om å tilpassa ymse tilskot og ordningar til gardar med ulik storleik og ulike driftsforhold. Samstundes må me vakta oss for ei mental rangering, der store gardar framstår som normalen og mindre bruk som spesielle. Ein arbeidsplass er ein arbeidsplass. Og ein matprodusent er ein matprodusent – er ein norsk bonde.

Bothild Å. Nordsletten