HERETTER SKAL DET BLI vanskelegare å bygge ned god jord. I førre veke vedtok Stortinget å ta inn ordet «jordvern» i plan-og bygningslova, ei endring kommunane må ta omsyn til i utbyggingssaker. Paragraf 19-2 tredje ledd får no følgjande ordlyd: «Ved dispensasjon fra loven og forskriften til loven skal det legges særlig vekt på dispensasjonens konsekvenser for helse, miljø, jordvern, sikkerhet og tilgjengelighet.» Krf fremja forslaget, som fekk støtte av Venstre, Ap, SV, MDG og Sp. Høgre og Frp stemte mot, då «jordvern»-tillegget ikkje passar med regjeringa sitt mål om forenkla byråkrati.

LOVENDRINGA KAN TOLKAST som ei oppfølging av Stortinget sin jordvernstrategi frå 2015. Strategien fastla nasjonale mål om å omdisponera maksimalt 4000 dekar dyrka mark årleg innan 2020. Utviklinga sidan har diverre ikkje gitt grunn til feiring. Tal frå SSB viser at det i 2015 vart omdisponert 12.628 dekar jord i Noreg. 6341 dekar var dyrka jord, 6287 dekar var dyrkbar jord. Prosentvis auka omdisponeringa av dyrkbar jord med 13,2 prosent i perioden 2010-2015, medan det rett nok var ein nedgang på 5,2 prosent i omdisponeringa av dyrka jord. Endringa av plan-og bygningslova inneber vonleg ei naudsynt styrking av jordvernet for både dyrka, så vel som for dyrkbar mark.

FOR KOMMUNESTYRA landet over inneber det nye stortingsvedtaket ei skjerping av praksis i handsaminga av utbyggingssaker. Mang ein møteobservatør kan nok undrast over kor lett dei folkevalde, høge på «utvikling», let asfalt trumfa mold. Tradisjonelle tolkingar av vekst vil truleg driva byggeiveren lenge ennå, men heretter vil det vonleg lugge meir, når sakene også må innom landbruksavdelinga. Lovendringa er vidare ei oppmuntring til utbyggingspressa bønder og andre som kjempar for sterkare jordvern. Samstundes er det viktig å understreka at jordvern er ei felles oppgåve. Også bønder med opsjonsavtalar eller byggeplanar på areal som er skild i frå, ber eit ansvar for å trygga grunnlaget for framtidas matproduksjon.

STORTINGSVEDTAKET STADFESTAR kor viktig engasjementet til dei regionale jordvernforeiningane er. Dei held nettopp fram juridisk vern, vel å merka gjennom jordlova, som det viktigaste tiltaket for vern av dyrka og dyrkbar mark. Foreiningane kunne godt gjort mykje meir av seg. Potensialet for å utvida medlemsmassen er stort. Jordvern er komplisert, men samstundes engasjerande enkelt. Når berre tre prosent av landet er dyrkbar mark og tusenvis av dekar blir bygd ned kvart år, sager me av greina me og barna våre sit på. Mange vil ynskje å korrigera eit slikt framtidsscenario, om dei berre får gnidd inn kva som er i ferd med å skje.
Elles er det interessant å merka seg eit anna, pågåande forsøk på å gi matjord endå sterkare juridisk vern. 14. mars skal Stortinget handsama eit framlegg frå ti representantar frå Ap, V, SV, Sp og KrF om å eksplisitt nemna vern av matjord i grunnlova sin paragraf 112, om naturressursane. Den saka er det verdt å følgja med på.

DET STÅR SJØLVSAGT ATT å sjå korleis endringa i plan-og bygningslova blir praktisert på lokalt plan, men stortingsvedtaket førre veke er uansett eit viktig steg i rett retning for vern av livsgrunnlaget vårt.

Bothild Å. Nordsletten