DÅ TRAKTORANE i gråtassklassen kom rullande inn på åkrar og enger på gummidekk sist på 40-talet var skepsisen tung blant statskonsulentar og bønder som var opptekne av marktrykk, dreneringseffekt og avlingsnivå. Tvilarane tviheldt i grima på hesten i frykt for at dei «tunge» traktorane ville øydeleggja jordstrukturen og årsveksten. Ein kan av og til bli freista til å lura på kva fagfolka og skeptikarane den gongen hadde sagt i dag?

AVTRYKKET etter reiskapsparken har auka sidan den gongen. Det har definitivt også nedbørsmengda sommarstid. Før det kom nokre fine dagar sist i månaden, var det registrert nedbør i Hjelmeland i Ryfylke kvar dag i juni 2017. Total nedbørsmengd for månaden enda her på 261 millimeter. Suldal og Vindafjord hadde meir enn 320 millimeter nedbør i juni, medan det litt lengre nord, på Gullfjellet i Bergen, vart målt 392 millimeter. Også på Agder, særleg indre strok, har dei fått regn så det held. Byglandsfjord hadde 160 millimeter, medan dei på målestasjonen på Risnes i Fjotland kunne setja to strek under talet 154 då juni skifta med juli. Meteorologisk institutt registrerer at stasjonar i Trøndelag, Rogaland, Agder og Telemark registrerte relativt mest nedbør i juni 2017 med 200-275 prosent over den vidgjetne normalen.

DEN FUKTIGE sommaren har skapt store problem for bøndene i enkelte område på Vest- og Sørlandet. Svarte, djupe køyrespor etter traktoren og rundballepressa eller grasvogna vitnar om at fôrberginga har gått føre seg under ekstremt fuktige tilhøve. I ytre delar av Hordaland er mykje gras sausa inn i pressa med sølevatn og jord, opp mot tre veker etter ideelt slåttetidspunkt.
Vi har sett beiteområde der tunge tråkk etter beitedyra har endra fargen på beita frå grønt til svart. I Agder registrerte vi i førre veke ein evakuert traktor med slåmaskin som låg og flaut på akslingane i eit blautt myrhol. Mange stadar ser vi at vassjuke felt i enga ikkje er hausta, graset står som frøproduserande øyer i landskapet. Ein god del bønder driv garden sin i kombinasjon med anna arbeid. For dei har utfordringa med å slå og hausta graset mellom regnbøyene vore enda vanskelegare. Alt er heldigvis ikkje heilsvart. Det er store lokale variasjonar, med område der slått og beiting har gått bra. Dei som har hatt flaks, har greidd å berge fôret og kanskje også enga.

TEIKN I TIDA, med andre ord klimaendringane, gjer at dei færraste reknar med at årets føresommar er eit unnatak. Det blir våtare. Endringane må møtast offensivt, slik det er tradisjon for i vårt område. Kanskje nye grasarter med eit meir armerande rotsystem er det rette for å motverka jordpakking ved belasting under fuktige tilhøve. Vidare tvingar hyppigare fornying av enga seg fram. Tidlegare sette mange si lit til at frost og klake ville løfte, lufte og løyse opp i det øvste jordlaget under enga. Med mildare vintrar er det plogen, ei god jordarbeiding under gunstige tilhøve om våren, saman med nye frø, som best kan retta opp skaden frå i fjor.

SKAL VI GREIA å oppretthalda, eller aller helst auka, matproduksjonen under meir krevjande tilhøve, må jorda vera godt drenert. Her har det, av mange gode grunnar, blitt slarva ein heil del dei siste tiåra. Utan eit vel fungerande grøftesystem under enga, går det ikkje an å driva god og klimavenleg agronomi. Vedlikehaldsgrøfting eller nygrøfting kostar flesk, men gir att så det monar om jobben blir skikkeleg utført.
Mekaniseringa av landbruket med krava til effektivitet har ført til ein maskinpark, og gjerne i tillegg eit køyremønster, som, sjølv med tilpassa lufttrykk i dekka, translar og pakkar jorda meir enn kva ho toler.

GRÅTASSEN hadde ei flogevekt på 1250 kilo. Vi kjem nok ikkje tilbake dit med det første, men det må vera lov å håpa på at trenden snur og at traktor- og utstyrsleverandørane våre i åra som kjem vil kappast om å tilby lette, marktrykkvenlege alternativ.

Sjur Håland