Landbruket har nytt gode tider ei stund no. Dekningsbidraga er greie på dei fleste produksjonar og renta er på eit historisk lågt nivå. Bønder satsar, motivert av både framtidstru og lett tilgang på finansiering. Vil lukka vare?

Gjeldsutviklinga gir eit tydeleg signal om at investeringsiveren heretter bør avstemmast med ein større dose realisme. Ifølgje Statistisk sentralbyrå hadde landets bønder i fjor ei samla gjeld på 83,2 milliardar kroner. Det er 4,4 milliardar meir enn året før. Sauebøndene skuldar minst med ei gjennomsnittsgjeld på 1,3 millionar, medan over halvparten av dei med svin/fjørfe og blanda husdyrproduksjon hadde over fire millionar i gjeld. Rogalandsbøndene tronar på gjeldstoppen. I gjennomsnitt skuldar kvar av dei tre millionar kroner – til saman 11,9 milliardar kroner.

Gjelda varierer veldig frå bonde til bonde, slik også økonomisk sans og betalingsevne gjer det. Somme bønder, ofte dei landbruksfagleg flinkaste, taklar greitt ei gjeld på over ti millionar. Andre, som skuldar langt mindre, balar med rekneskapen og hamnar i ein vond sirkel med fallande inntekter, uro og sviktande merksemd om drifta. Også leverandørgjelda, til dømes for kraftfôrleveransar, er no på veg opp. Somme slit. Få snakkar høgt om det.

Volumtenking, enkel finansiering, billeg importfôr og høgt produksjonspress dannar bakteppe for overmotige byggeplanar og maskinkjøp utan tilstrekkeleg jording i gardens ressursar. For dei kraftfôrbaserte produksjonane skal det berre ein liten auke i råvareprisen til før inntektene sviktar. Og skulle renta stige, noko som ikkje er usannsynleg, kan stoda fort bli dramatisk for fleire. Er me budd på renteauke?

Medan mange sit godt i det, er ein del bønder økonomisk nokså sårbare. Heldigvis finst det råd. Om den einskilde bonden ikkje kan endra dei politiske ramevilkåra eller renta, kan han/ho iallfall få meir kontroll over eigen økonomi. Det handlar om å vera best i det du kan, styrka det bedriftsøkonomiske medvitet, følgja driftsplanen og halda kontroll på utgiftene. Det er sjølvsagt lettare sagt enn gjort å ta grep og søkja råd frå rekneskapslaget og banken. Ikkje minst for dei som mistrivst med tal.
Men det er ikkje tyngre enn byrden av stor og stigande gjeld.