FERIE. PUSTE UT. SLAPPA AV. Roa ned. Språket vårt har mange ord og uttrykk for ein inaktivitet som me blir stadig dårlegare til driva med.

DEN BRITISKE ØKONOMEN John Maynard Keynes, spådde på 1930-talet at avanserte samfunn innan 2030 ville vera velståande nok til at fritid, og ikkje arbeid, ville prega livsstilen. Ettersom folk då hadde fått alle materielle behov tilfredsstilt, ville dei berre trengja å arbeida 15 timar i veka. Med 13 år att til 2030, er det lite som tyder på at Keynes vil få rett. Sant nok har arbeidsdagen jamt over blitt kortare, kroppsarbeidet lettare og ferien lenger, men sjølv med digitalisering og all verdas tekniske hjelpemiddel opplever me å stå på som aldri før. Svaret på spørsmålet «Korleis går det?» er som oftast ein variant av «Takk, travelt».

ARBEID, HENTING, BRINGING, reiser, verv. Alltid tilgjengeleg, alltid pålogga. Sjølv ferien skal vera aktiv. Det gir status å vera travel. Men er jaget heile meininga med livet? Følgjande påstand er velbrukt, men alltid tankevekkjande: Ingen som ligg på det siste angrar på at dei ikkje var fleire timar på jobb. Arbeidet adlar mennesket, ingen tvil om det. Men det gjer også kvile. Har den norske bonden gløymt det?

MEDAN DEN GJENGSE arbeidstakar jobbar 37,5-timars veke og tar opp til fem veker ferie, viser ei ny undersøking, laga av Agri Analyse for Landbruksforsikring, at bønder kviler lite og sjeldan. Over halvparten nøyer seg med to veker ferie, eller mindre. Talet på arbeidstimar per veke er òg høgt. Sju av ti bønder seier at dei jobbar 50 timar eller meir i veka. Berre éin av ti jobbar 39 timar eller mindre. I ein kommentar til undersøkinga peiker Norsk landbruksrådgiving på korleis høgt tempo og lange dagar kan gå ut over liv og helse. Det er i den travle tida frå juni til oktober at det skjer flest ulukker i landbruket. Andre vil kunne vitna om korleis stress og overarbeid går ut over psyken, familien, entusiasmen – og botnlinja.

Å VERA BONDE er ingen vanleg jobb, det er ein livsstil. Å arbeida med noko ein likar, slik dei fleste bønder vonleg gjer, lettar kjensla av at det faktisk er arbeid ein driv med. Det å produsera mat gir djup meining. Men sjølv frå verdas viktigaste yrke kan det vera fruktbart å stikka av, no og då.

I ESSAYET «IN PRAISE OF IDLENESS» (Lovtale til lediggang, mi oversetting), frå 1932 går den britiske matematikaren, filosofen og nobelprisvinnaren Bertrand Russel til åtak på ideen om arbeidet som ibuande dydig og rettskaffent, og som eit mål i seg sjølv. Han klagar over tapet av ei tid då evna til lettsinn og leik ikkje var kua av det moderne kravet til effektivitet. Utan monaleg fritid går mennesket glipp av mange av dei beste tinga, hevdar Russel, og tek til orde for kortare arbeidsdag. Dette vil føra til meir lukke og livsglede i staden for tynnslitte nervar og utmatting, meiner han.
Midt i slåtten har nok Russel lite han skulle sagt, men bodskapen hans er verdt å legga seg på minne. Litt fritid, det å gjera ingenting, opnar for alt det andre livet har å by på utanom jobb: Familie og vener. Kjærleik. Nye landskap. Nye perspektiv. Bøker og vakre tonar. Utkvilte sansar og friskt mot.

VISST ER DET TRAVLE TIDER, men av og til skuldar me oss sjølv og dei rundt oss å ta tida attende og å driva litt dank.

Bothild Å. Nordsletten