Treng lengre veg: Venke og Inge Morten Tronstad er klar med boreriggen, men må venta på avklaring før dei eventuelt kan starta arbeidet med forlenging av driftsvegen. Anleggstomta i bakgrunnen er frå ein annan stad på garden.

Venke og Inge Morten Tronstad har fått løyve til å forlenga driftsvegen på eigedommen med 900 meter. Haugesund Turistforening har nytta klageretten.

Sjur Håland

Allemannsretten står mot eigedomsretten. Praktisk beitebruk mot turistopplevingar i urørt natur. Heilt unødvendig bråk, meiner grunneigaren.
– Turfolket er gode folk. Dei har alltid vore velkomne hjå oss, men nå lurar eg på om turområdet har blitt så mykje brukt at enkelte trur dei har fortrinnsrett på heile eigedomen, seier Inge Morten Tronstad.

Samrøystes frå kommunen

Etne kommune sin Komité Forvaltning godkjende samrøystes søknaden frå Tronstad om forlenging av vegen 11. mai i år. Men klagen frå Haugesund Turistforening gjer at grunneigarane må venta på ny avklaring. Klagar syner mellom anna til at skøytet frå Haugesund kommune (eigar før 1956) til den private eigaren som kjøpte eigedommen i 1956 og lovfestinga av allemannsretten i 1957 etter deira vurdering må lesast slik at fotturismen skal ha første prioritet ved ei interessekonflikt mellom gardsdrift og fotturisme. Det har fått både bygdefolk og grunneigarar til å reagera.
– Eg skjønar ikkje argumentasjonen til turistforeininga, og finn det lite konstruktivt, seier bonden.
Garden Øyno på totalt 32.000 dekar vart kjøpt i 2012 som eit tilleggsbruk. Her er dyrka mark, skog og store område med fjellbeite. Investeringa i tilleggsbruket var ein del av satsinga på sau og behovet for beiteareal for familien Tronstad, som er busette på Veste. Fleire bønder beitar dyra sine i det populære fjellområdet. Til saman går 1.500 sauer og lam på eigedommen mellom mai og oktober.

Vårbeite blir tilgjengeleg

– Samfunnet legg til rette for større einingar og rasjonell drift, noko me fekk høve til med denne garden, seier Tronstad.
Bonden ønskjer å forlenga driftsvegen 900 meter innover i fjellet på eigedomen hans der turistforeininga har to overnattingshytter. Vegen vil bli bygd av masse frå området. Han vil gå bratt oppover mot toppen Bjørnen og bidra til at den eldgamle vårstølen, som blir nytta som vårbeite, blir tilgjengeleg.

Stort inngrep

Haugesund Turistforening legg i si klage vekt på at vegen vil vera eit stort inngrep i dei mest verdfulle urørte områda som er att i Etnefjella.
– Målt mot nytten av vegen for gardsdrifta, er vegen ei så stor ulempe at han står i klart mishøve til nytten, skriv turistforeininga i klagen.
Familien Tronstad ser det annleis, dei understrekar at turisthyttene også er svært synlege og at vegstandarden det er søkt om er ein enkel driftsveg som vil bidra til auka tryggleik for både dyr og folk. I beitesesongen er bøndene i fjellet fleire gonger i veka. I sankinga oftare.

Tryggare ferdsel

– Me slepp å traske i timesvis med til dømes slikkesteinar på ryggen eller for å sjekka etter melding om sjuke dyr. Vegen, gjennom eit terreng som er svært ulendt og bratt med grove urer, vil vera køyrbar med ATV og nytta av fjellvandrarane. Etter få år vil grusen gro att med floraen i området og gå i eitt med terrenget. Me får det lettare med tilsyn med dyra, medan dei fleire tusen turistane i området får ein tryggare ferdsel i fjellet her som er vilt og krevjande å gå i, held han fram.
Inge Morten Tronstad har stilt både parkeringsplass og landingsplass for helikopter til disposisjon. Dei dagane vêret ikkje tillèt flyging med helikopter, vil ein driftsveg koma godt med. Tidlegare i haust var Tronstad med og redda ein ung gut ned frå fjellet etter eit armbrot. Guten måtte bonden bera på ryggen eit stykke grunna det krevjande terrenget.
– Eg tenkjer at i eit meir akutt og alvorleg tilfelle, vil faktisk den planlagde vegen kunna bidra til å redda liv, meiner han.

Lettare for båreberarar

Etne Røde Korps Hjelpekorps meiner det same, og synar i ein e-post til godt samarbeid med grunneigar og at den eksisterande vegen har vore til hjelp ved fleire høve. Dei meiner at ei forlenging av vegen vil gjera terrenget lettare for båreberarar og at ein har høve til å frakta pasienten med firhjuling fram til ambulansen dei dagane det ikkje er flygevêr for helikopter. Haugesund Turistforening sin bruk av helikopter til frakt til og frå turisthyttene av til dømes brensel og proviant, er eit av paradoksa Tronstad peikar på.
– Driftsveg, som turistane vil få stor glede av, vil dei ikkje ha, medan helikoptertrafikken er tydelegvis heilt grei, om det bråkar og sjauer aldri så mykje.
Samarbeid før konfrontasjon Tronstad håpar og trur dei vil vinna fram i ankesaka.
– Eg har respekt for allemannsretten, men trur det er meir å vinna gjennom samarbeid og dialog enn med konfrontasjon som her. Bøndene er ressurssterke grunneigarar og skal ikkje automatisk bøye unna når næringsinteressene på eigedommen er truga, fastheld han.

Treng fleire vegar

Vidar Aastvedt er leiar i Etne Sau og Geit. Han gir full støtte til Tronstad sine vegplanar. Bonden minner om at landbruket har endra seg dei siste tiåra.
– Det er ikkje lenger mindre saueflokkar på 30-40 dyr som skal innover i fjellet. Driftsomfanget har blitt omfattande og me har faktisk behov for langt fleire vegar enn dei me har i dag, seier han.
Aastvedt har avgrensa sans for innblanding i landbruksdrifta frå urbane strok.
– Eg er irritert på byfolk som vil leggja føringar for drifta vår og fortelja oss korleis vi skal driva gardane. Dei skal heller vera glade for beitedrift og aktivt landbruk i distrikta. Alternativet hadde vore attgroing og utilgjengelege turområde, fastslår han.

Ønskjer samarbeid

Lauren McPherson Simonsen er dagleg leiar i Haugesund Turistforening. Han held fram i ein kommentar til Bondevennen at foreininga jobbar med svært mange engasjerte grunneigarar:
– Eit godt samarbeid med dei er ein viktig grunn til at me greier å legge til rette for løyper, hytter og fritidstilbod for både medlemmar og ikkje-medlemmar og å sikre naturvernet i dette unike området. Dette samarbeidet set me pris på, og me arbeider for å styrka samarbeidet.
– Me er samde med Inge Morten om at eit godt samarbeid og dialog er ønskjeleg. Det er eg sikker på at me skal halda fram å få til uavhengig av den endelege tilbakemeldinga me får i samband med denne saka. Me håpar, som han, at saka blir avklart i god tid.