
Vest slit: Alt peiker på behov for nye budsjettmidlar, seier Anders Felde i Byrkjelo. Arkivfoto
– Den reelle økonomiske situasjonen er langt dårlegare for Vestlandet enn det som kjem fram i talgrunnlaget til Budsjettnemnda for jordbruket, seier leiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde.
Bothild Å. Nordsletten
Torsdag i førre veke la Budsjettnemnda for jordbruket fram talmaterialet som dannar grunnlaget for jordbruksforhandlingane. Tala viser at inntektene i næringa har gått ned to år på rad. Trass i politiske målsettingar om inntektsvekst får bøndene ein inntektsnedgang på 14.500 kroner som vederlag for arbeid og eigenkapital frå 2016-2018. Andre grupper ligg i same periode an til å få ei lønsauke på 27.000 kroner. Medan Stortinget si målsetting er å minske gapet mellom bønder og andre, fører dette tvert om til at inntektsforskjellen har auka med over 40.000 kroner på to år.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.






