Eit verdival: – Eg har det godt som bonde – det var difor eg ville bygge, seier Bertel Oddne Mjellem.

Draumen om nytt fjøs vart realisert med ein del tømmer frå eigen skog, skore på eiga sag – med stor eigeninnsats. – No kan eg mjølke til eg vert pensjonist, seier Bertel Oddne Mjellem.

Liv Kristin Sola

Etter nokre år på anlegg, flytte 42-åringen heim til Mjellem i 2002. Faren sleit med helsa og trengde hjelp på garden. Sambuar Linda Anette Sande vart med på flyttelasset. Etter nokre år som dreng og sjølvstendig næringsdrivande mekanikar, overtok dei garden i 2006, og gifta
seg same året. No er han heiltidsbonde, medan Linda pendlar til Sandane på jobb.

– Eg er takksam for at ho ville bli med til Mjellem, sjølv om det betyr mykje køyring, seier Bertel Oddne.

Bygge eller legge ned

Skulle dei halde fram med mjølking på Mjellem, måtte båsfjøset oppgraderast.

– Alternativet var å drive fram til 2024 og så avvikle, seier Bertel Oddne.

For han og Linda handla det både om å drive garden vidare, men også om kva oppvekst dei ville gje barne sine. Bertel Oddne er nest eldst av fire søsken. Gardsarbeid prega oppveksten, noko bonden ser attende på med glede og takksemd.

– Me lærte verdien av arbeid, og det gode ved å arbeide i lag, seier han.

Dei fire mjølkeprodusentane på Mjellem og Rognkleiv er ikkje prega av pessimisme og avvikling. To bustadhus og to robotfjøs er bygd dei seinare åra. Fire naboar er i lag om ei sag og fem av grunneigarane har investert i kraftstasjon. Bertel Oddne var innom naboane då dei hadde bestemt seg for å bygge. Han ville fortelje om planane, at dei skulle bruke ressursane på garden og at det ikkje skulle endre noko for dei.

– Eg vil heller ha lys i nabohuset enn å mjølke kvota deira.

Familieprosjekt: Daniel, Bertel Oddne, Kari og katten, Lars Rune og Linda er godt nøgd med den nye kvardagen i fjøset. Ikkje minst fordi dei alle kan bidra i arbeidet. Foto: Privat

Gardsfakta

Bertel Oddne Mjellem og Linda Anette Sande overtok garden på Mjellem i Hyen, i Sogn og Fjordane, i 2006. Båsfjøset var eit lågbygg frå 1976 og kvote var på 120 tonn. I februar i år tok dei i bruk eit nytt robotfjøs i tre.

Årets kvote er på 147 tonn, medan kvoten neste år er på 270 tonn. Kring 100 tonn er leigekvote på femårs kontrakt. Dei driv 115 dekar dyrka jord, med ytterlegare 30 dekar under dyrking.

Bertel Oddne har fagbrev som anleggsmaskinmekanikar og er agronom frå vaksenagronomen på Mo. Linda vaks opp på sauebruk på Sandane. Ho er sakshandsamar i Gloppen kommune, medan Bertel Oddne er bonde på heiltid. Dei har barna Daniel (14), Lars Rune (12) og Kari (7).

Ingen kompromiss om plass

Dei besøkte fleire fjøs og hadde tankar om korleis planløysinga skulle sjå ut i eige bygg. Ikkje minst fann dei mange gode grunnar til å bygge i tre. 

– Tre regulerer fukt og dempar lyd. Det gir god atmosfære og eit godt arbeidsmiljø, summerer Bertel Oddne. – I tillegg ser det finare ut.

Med eiga sag og tømmer frå eigen skog, opna det også for rimeleg material og høve til mykje eigeninnsats. Dei kontakta byggplanleggar Jørgen Wik i Tine. Saman utvikla dei ei planløysing dei meinte ville gi god dyrevelferd og god produksjon. Somme leverandørar freista med fleire liggebåsar, men bonden ville ikkje gå på kompromiss med god plass, spesielt ikkje framfor roboten.

– Fjøssystemer var dei einaste som godtok planløysinga utan endringar. Det var ein av grunnane til vi valde raud robot, seier Bertel Oddne.

Fjøssystemer leverte i-mek, spalt og innreiing. Då mjølkeroboten, ein Lely A5, vart forseinka, fekk han kompensert for ventetida med diverse ekstrautstyr på roboten. «Luksus» han ikkje hadde kosta på seg.

Cosmixen er plassert rett på spalt, noko bonden meiner er reinslegare og enklare for kvigene å tilpasse seg. Også i mjølkeroboten passerer dyra gjennom på spalt.

– Mitt tips er å bruke Tine i planlegginga, ein nøytral part som ikkje sel utstyr. Dei kan mjølk og ku og kvalitetssikrar fjøset med tanke på kutrafikk og velferd for dyra. Dei har også eit nettverk som omfattar meir enn tekniske løysingar, meiner Bertel Oddne.

Han oppmodar alle som skal bygge om å utfordre planleggarane.

– Still spørsmål og ver kritisk til planteikninga. Det er trass alt din arbeidsplass og økonomi det handlar om, seier han.

Plass til velferd: Fjøset har 36 liggebåsar i mjølke- og sinkuavdelinga og ein eteplass per ku. Velferdsavdelinga, sjukebinge og kalvingsbinge er plassert bak roboten. Kalvingsavdelinga har i tillegg ein binge som kan fyllast med halm og nyttast under kalving. Dei to tårnsiloane er framleis i bruk.

Familieprosjekt: Fjøsdressar i alle størrelsar fortel at her er alle med i drifta. 

Stor eigeninnsats

Garden ligg 300 meter over havet og vinteren kan by på snø og temperaturar ned mot minus 15. Likevel bygde dei uisolert med klimastyrt gardin og manuell kip. I lag med faren, Rune Tonheim, rydda Bertel Oddne tomta. Dei sprengde vekk ein fjellknaus på jordet, fekk masse til
tomta – og sletta ut jordlappen. Ein del av materialen er saga på eige sag. Biromma, rørleggararbeidet og det meste av snekringa har dei gjort sjølve.

Overlappande 6×1,5’’ plank gir ein sju cm tjukk vegg i massivt tre. Langveggane er tre meter høge med 1,8 meter lysopning.  Gjødselkjellaren er 1,80 under dragarane. Limtresperr, dragarar, to søylerekker og taket i massivtre med fem cm isolasjon, er innkjøpt material. Monteringa var godt førebudd, og då kranbilen kom tok det to dagar med kraning før alt var på plass.

Fjøset på 22×32 meter har 36 liggebåsar i mjølke- og sinkuavdelinga og ein eteplass per ku. Velferdsavdelinga med plass til fire kyr vert nytta før og etter kalving, samt til halte kyr og kyr som treng ekstra tilsyn. Sjuke- og kalvingsavdelinga har to liggebåsar kvar. Kalvingsavdelinga har i tillegg ein binge som kan fyllast med halm og nyttast under kalving.

Fjøset var kostnadsberekna til 8,255 millionar kroner. Byggjelånet kom til slutt på fem millionar. Eigeninnsats vart berekna til 1,2 millionar, utan faren sine arbeidstimar. Innovasjon Norge har støtta med 2 millionar.

– Prosjektet hadde aldri vore realisert utan midlar frå Innovasjon, seier Bonden.

Kvoteutvikling og driftsplan

Høge kvotekostnadar gjorde at bøndene måtte vurdere kor lite dei kunne produsere for å få ein grei økonomi, og dei vurderte fleire driftsplanar i lag med Jo Helge Sunde i Tine.

– Drifta går fint rundt med 190.000 i kvote – med påsett av stutar og Linda i jobb, men det optimale er å produsere 250.000 liter, seier Bertel Oddne.

Litt å gå på

Dei haustar to slåttar på 115 dekar dyrka jord. Driftsplanen legg til grunn ei avling på 410 FEm per dekar og at dei må kjøp fôr, men 30 dekar er under dyrking og ytterlegare 50 dekar kan dyrkast. På sikt meiner Bertel Oddne dei kan bli mest sjølvberga med grovfôr.

– Far har vore oppteken av å dyrke jord og har lagt ned mykje arbeid i garden gjennom åra, seier Bertel Oddne.

Teigane er av varierande storleik og helling. Løysinga er å nytte fôrhaustar, Vossakasse, og tvillinghjul på alt arealet. Med lett utstyr kjem han også tidlegare utpå og kan slå etter periodar med regn. Er det godvêr i vente vert det to-trinns hausting. Er vêret ustabilt blir graset direktehausta.

– Vossakassen er tømt på fem minutt. Eg har prøvd avlessarvogn, men det tok for lang tid å tøme. To Vossakassar og hurtigkopling er meir effektivt, seier Bertel Oddne.

Graset vert lagt i to seksmeter tårnsiloar. Begge har grasfordelar som sørger for god pakking.

– Fordelen med tårnsilo er å sleppe all plasten. I tillegg har eg alt fôret på plass før vinteren, seier Bertel Oddne.

Neste prosjekt: Båsfjøset skal byggast om til kalvar og kviger. 

Trufast slitar: Avanten frå 2002 er framleis i bruk og vert nytta til fôring.

Eit steg om gongen: Produksjonen er auka og bonden er i gang med å dyrke meir jord. Bøane er av varierande storleik og helling. Løysinga er å nytte fôrhaustar, Vossakasse, og tvillinghjul på alt arealet.

Dagleg sjekk av dyr

Driftsplanen tek utgangspunkt i at Bertel Oddne skal drive garden på fulltid og Linda skal ha full jobb utanfor. Dei har 5,6 millionar i gjeld. Bøndene kjenner kvar ei krone i driftsplanen og er avhengige av å drive like bra som det planen legg opp til.

– Eg er ikkje interessert i tal, men eg er interessert i prosjektet vårt. Då må eg kjenne til tala, konkluderer bonden.

Roboten fortel om kyr i god produksjon – 32 liter i snitt på 242 laktasjonsdagar.

– Over forventning, seier bonden.

Han følgjer nøye med, blant anna på celletal. Stig celletalet opp mot 700 tusen, får kua mjølketilgang seks gonger i døgnet. Slik kan ho tøme seg oftare for å prøve å redusere celletalet. Dagleg sjekkar bonden også temperatur, kraftfôropptak og drøvtygging. Kyr som droppar i drøvtygging vert sjekka ekstra. Kraftfôret vert styrt etter fôrkurver, men Bertel Oddne justerer også individuelt dersom det trengst.

Neste år aukar dei kvoten frå 147.000 til 270.000 liter, basert på kjøp og leige. Ein kvote dei meiner er passe. Frå konsentrert haustkalving vil dei over på heilårsmjølk. No aukar dei buskapen og nyttar samstundes ledig plass til å fôre oksane fram til slakt.

– Sjølv om me må kjøpe grovfôr, løner det seg så lenge me har plass i fjøset. I alle fall så lenge grovfôret ikkje vert dyrare enn kraftfôret, seier Bertel Oddne.

Ikkje eit sololøp

Linda og Bertel Oddne er opptekne av å involvere barna og gi dei ansvar. Dei har god hjelp av sønene i fjøset. Yngstemann, Lars Rune, fekk ansvaret for kvigene i byggeperioden, medan Daniel, jobba mange timar med innvendig montering.

Både far og dei to sønene er særs skotsikre. Bertel Oddne har vore aktiv skyttar sidan 10-års alderen, og var innom Kongelaget ein gong. Familieferien vert lagt til landskyttarstemnet. Ei veke i lag med 25.000 skyttarinteresserte frå heile landet og 4-6000 aktive skyttarar frå 10 til 90 år. Det gir bonden inspirasjon.

– No konkurrerer eg mest mot meg sjølv, seier Bertel Oddne.

Velferd for folk og fe: Godt reinhald og god dyrevelferd gir ein triveleg arbeidsplass og er grunnlag for år etter år med elitemjølk. 

Bygg i tre: Gå for tre, sjølv om du ikkje har eigen skog, er rådet frå bøndene på Mjellem.

Sjølvmelding

Mest nøgd med: At me gjennomførte prosjektet betre enn planen utan å kompromissa med planløysinga – og at me kan betale avdrag allereie frå neste år.

Kva kunne vore betre: Utfordringar undervegs måtte vi løyse etter kvart.

Tips til andre: Bruk god tid på planlegging. Lag alternative driftsplanar, og snakk med andre om planane dine. Ver smidig. Sjå løysingar i staden for problem når ikkje alt går som planlagt.

Stikkord denne saka: , ,