BN+

Jakta på marginane: – Å vere i forkant og ha oversikt og ein plan vil gjere drifta meir robust for framtida, seier tinerådgivar Else Tømmerstøl. Illustrasjonsfoto


Mjølkevolumet – og mjølkeprisen, skal ned. Men det treng ikkje bety svelt i hel for bonden og familien.


Liv Kristin Sola


Produksjonsauke og volum har vore overordna for lønsemd i mjølkeproduksjonen dei siste tiåra. Når mjølkevolumet no skal reduserast, må mjølkebonden tenke annleis - smartare. Det same må Tine.


– Marginjakt og presisjonslandbruk blir stikkorda framover, seier Else Tømmerstøl, økonomirådgivar i Tine.


Redusert volum til lågare pris vil bli krevjande. Spesielt for dei som har investert mange millionar og allereie er i ein pressa økonomisk situasjon. Ikkje alle produsentar leverer heile kvoten sin. Dei vil ikkje merke ein reell nedgang i volum, men alle får redusert mjølkepris.


– Mjølkeprodusenten skal gjennom to til tre år med lågare mjølkeinntekt, men det treng ikkje bli beksvart. Snu alle steinar og reduser kostnadar. Bli kvitt det du ikkje har bruk for og ikkje «gå glipp av» inntekter, seier rådgivaren.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

Stikkord denne saka: ,