
Kostnadskontroll: Denne bonden brukar enkelt og driftssikkert utstyr i fôringa.
Pilene peikar nedover for økonomien i norsk mjølkeproduksjon. Alt er likevel ikkje heilsvart. Det er marginar å hente for dei som vil løfte økonomien på eigen gard eit hakk eller to kroner.
Sjur Håland
Dei 30 prosent av mjølkeprodusentane på Jæren og i Dalane som låg høgast, hadde eit dekningsbidrag på 5,76 kroner per liter mjølk i 2017. Gruppa på 30 prosent med lågast dekningsbidrag, enda på 3,81 kroner. Med andre ord, ein differanse på 1,95 kroner i dekningsbidrag per liter mjølk.
Potensial for løft
Tala er henta frå Rekneskapslaga på Jæren og i Dalane sine nøkkeltal, og legg til grunn 40 årskyr og 80-120 prosent påsett. Snittkvoten for høgaste gruppa er 281.899 liter, medan dei i lågaste gruppa hadde 316.655 liter i kvote. Snittala er henta frå 114 bruk.
– Alle har potensial til å løfte resultatet. Anten ein i dag ligg på middel eller i den beste delen. Dei som ligg lågast er eg redd må opp på middel for å overleve, seier Per Herikstad, rekneskapsførar i Hå Rekneskapslag.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.







