image description

Å LUKKAST MED KALVANE er viktig for eigen trivsel, dyrevelferd, og økonomien i mjølkeproduksjonen. Bøndene veit alt om dette. Det handlar om innsikt, kunnskap og vilje til å bruka tid og omsorg på dei små. Struktur i arbeidet, merksemd og gode rutinar kan redda mange kalveliv.
DENNE TEMAUTGÅVA av Bondevennen er via til kalven. Går det an å seie noko nytt om eit så utdebattert tema? Truleg ikkje. Dei fleste har ikkje bare delteke på eitt, men mange kalvekurs. Og det er ikkje lite spalteplass kalven har fått i landbrukstidsskrifta opp gjennom åra. Like fullt registrerer vi at mange slit med kalveoppdrettet i eiga besetning.
FLEIRE HAR FÅTT UTFORDRINGAR med kalvane etter overgang til store besetningar i lausdriftsfjøsa. Årsakene er truleg samansette, noko du kan lesa meir om i dette bladet. Veterinær og fagspesialist i Tine, Stine Margrethe Gulliksen, er nok inne på noko vesentleg når ho i fagartikkelen skriv; “Ved auka mekanisering og teknologisk utvikling vil tida i fjøset reduserast og dermed vil den daglege inspeksjon og kontroll av kvart enkelt dyr reduserast tilsvarande”.
EIN DANSK STUDIE, som ho refererer til, stadfestar noko av det same. Forskarane studerte kvardagen til dei som lukkast, og til dei som hadde utfordringar. Det som skilte gruppene, skriv Gulliksen, var “at produsentane med ein godt disponert kvardag hadde høve til å bruke ekstra god tid på å løysa problema og slik unngå ei meir varig krise. Dei som mista mange kalvar hadde ikkje denne mulegheita, og mange enda difor opp med å godta at dei hadde mislukkast.”

Hallgeir Gravelsæter, NLR-Rogaland, har ein omtale av aktuelle planløysingar for kalveoppdrett. For å unngå problem, er det nok avgjerande at gode planløysingar ligg i botn. Smittepress og fjøsmiljøet (klima) kan ikkje løysast gjennom godt stell åleine. Vidare er det verdt å minna om at kalvane er vare for endringar i fôring, oppstalling og anna. Tinerådgivar, Liv Kristin Sola, gir eit godt råd når ho skriv; “Ha som mål at du ikkje gjer meir enn ein endring i veka”.
NØKKELTALANALYSE er interessant lesnad. Analysen viser kva dekningsbidrag kvar enkelt produksjon og dyreeining gir. Som kjent syner desse analysane stor variasjon frå bruk til bruk. Dei viser kva som er økonomisk mogeleg når alle forhold dreg i positiv lei. Vi vil tru at graden av suksess med kalvane blir avspegla i det økonomiske resultatet i mjølkeproduksjonen.
Å LUKKAST med kalveoppdrettet er neppe tilfeldig, men eit resultat av kunnskap, bevisste val, merksemd og arbeidsinnsats. Kalvestell er ein sentral del av mjølkeproduksjonen, kor ein i liten grad kan kjøpa seg til suksess.