Tradisjon og miljø: Då Ole og Marryel Velde skulle bygge nytt sauefjøs velde dei ein grindverkskonstruksjon og ga Tore Hunseid-Birkeland oppdraget med å bygge fjøset. (Les reportasjen frå Ole og Marryel).

 

Med tømmer frå eigen skog bles Tore Hunseid-Birkeland liv i den eldgamle vestlandske byggeskikken med grindverksbygg. Grindverkskunstnaren tar gjerne oppdrag også for landbruket.

Liv Kristin Sola

Det er langt over normal arbeidstid. Tore Hunseid-Birkeland og makkar Tor Inge Selland er framleis i arbeid i den store verkstaden på garden til Tore. Dei har to prosjekt under bygging; ei hytte og ein gammal låve. Låven skal restaurerast i opprinneleg stil, med låvebru og det heile, men på innsida blir det ei funksjonell hytte for ein moderne familie, boren av grindverk.

– Eg tek vare på det som er brukande av det originale tømmeret. Resten hentar eg i eigen skog og skjer/kappar til på saga, seier Tore.

For det er kortreist, både tømmeret, arbeidskrafta, kunnskapen og konstruksjonen.

– Eg kan hugse kjensla då eg i tenåra stod i smalhuset heime på garden og såg kor fint ting hang saman og korleis arbeidet var utført. Eg gløymer det aldri, seier Tore.

For ungguten var det starten på ei lidenskapeleg interesse for skogen og for den eldgamle byggeskikken.

Enorm respons

Fjorten år etter opplevinga i smalhuset bygde han eit reisverk av ei grillhytte i grindverksbygg. Den femten kvadrat store «hytta» tok han med seg på ei salsmesse.

– Responsen var bra. Det ga masse energi, seier Tore.

Det var eit eventyr å stå på messer. Dei første bestillingane tikka inn, først  å grillhytter så på større hytter og meir spesielle prosjekt.

For ti år sidan bestemde han seg for å livnære seg av å bygge grindverksbygg. I dag er dei fire tømrarar i arbeid. Det største prosjektet så langt er ein ridehall på 1250 kvadratmeter, med utgangspunkt i grindverksbygg.

Materialet er frå eigen skog. Kvart bygg vert reist i verkstaden heime på garden før det vert plukka ned og transportert til kunden. Veggane blir levert i modular som skal på plass mellom stavane, og blir reist på få dagar. Eksisterande grunnmur av stein eller betong kan gjerne nyttast.

– Eg er ein av mange som har fått gode råd frå Astrid Brommeland hjå Fylkesmannen, som er ein ressurs for oss som vil utvikle næringa på bygdene, seier Tore.

Alt lokalt: – For meg er det viktig å bruke det eg har av ressursar i nærområdet og lage ein jobb ut av skogen me har, seier Tore (t.h.). Med seg i arbeidet har han Tor Inge  Selland, ein erfaren snekkar frå Vikedal som deler Tore si interesser for den gamle byggeskikken.
Byggeplassen: Hallen heime hjå Tore kor alle bygg vert reist og merka før dei vert delt opp og frakta i modular fram til kundane. Slik tek det berre dagar å reise eit bygg hjå dei som har kjøpt grindverksbygg.

Tre passar godt til mjølkekyr

Tore har merka seg at det er auka interesse for å bygge husdyrbygg i tre. Mange er skeptiske til å satse på trefjøs, spesielt til mjølkeku. Han trur trefjøs kan fungere godt også i det fuktige klimaet her på Vestlandet.

– Grindverksbygg er utvikla i det fuktige og rå vestlandsklimaet, men i moderne tid har bygg av stål og betong blitt det  anlege, sjølv om det både er kostbart og energikrevjande, seier han.

Tore er sikker på at trefjøs har ei framtid, også på Jæren – og til mjølkeku. Han meiner trefjøs kan byggast både som kaldfjøs eller isolert.

– Luft og materialkvalitet er heilt avgjerande. Den beste kvaliteten kan nyttast som kledning. Bruk helst kjerneved med margsida ut og sikre god lufting på kledningen. Massivtre kan vere ei god løysing i kombinasjon med grindverkskonstruksjonar, seier Tore.

– Kvifor bygge i tre?

– Tømmer er fornybart, det er klimasmart, og me har bygd slik i tusenvis av år her på Vestlandet. Tre absorberer fukt og dempar lydar slik at det blir ein trivelege arbeidsplass både for folk og dyr. Trebygg er fine å kvile augo på og treng ikkje koste meir enn å bygge i betong og stål, summerer Tore.

For grindverkskunstnaren på Fjellgardane er det viktig å kombinere det tradisjonelle med det moderne.

– Kan me bruke dei ressursane me har rundt oss, slik vi har gjort i hundrevis av år, er det ein fin måte å ta vare på historia og kulturarven. Me kan bygge mange ulike konstruksjonar med utgangspunkt i grindverksteknikken. Lysthus, driftsbygningar, hytter eller heimekontor, for den del. Eg blir trigga av å bruke den geniale grindverkskonstruksjonen til å bygge noko heilt nytt, seier Tore.

Sikring etter norsk standard: Omega areal i Ølensvåg reknar på belastning og krav til dimensjonar på knutane basert på krava i Norsk bygningsstandard. Omega set sitt stempel på teikningane. Stempelet tilfredsstiller også krava til forsikring.
Stikkord denne saka: , ,